Open job position: Allmennlærer (grunnskolen) – Os ungdomsskule

Select rough translation.

This job has Expired

Job Description

Published 05 Jan 2019 07:51:01 +0100
Deadline: Unknown






Os ungdomsskule

5200 OS

Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.

Rådgjevar / undervisningsstilling – Os ungdomsskule

Os ungdomsskule har frå 01.03.2019, ledig 40% fast stilling for rådgjevar kombinert med 60% stilling som lærar med kompetanse i relevante fag for ungdomstrinnet.

Arbeidsstad


Os ungdomsskule ligg sentralt til i Os sentrum, har 50 tilsette og 380 elevar fordelt med 5 klassar på kvart trinn. Elevtalet er aukande i åra som kjem.

Arbeidsoppgåver


Rådgjeving og undervisning på ungdomstrinnet.

Kvalifikasjonar


Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utdanning frå utlandet skal vera NOKUT godkjent.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Ønska kvalifikasjonar


Relevant utdanning/kompetanse for rådgjeving i ungdomsskulen og for undervisning i eit eller fleire fag for ungdomstrinnet. I tillegg til formell kompetanse, er vi opptekne av personlege eigenskaper. Vi søkjer etter kloke og fagleg dyktige medarbeidarar som har evne til å skapa gode relasjonar til elevane.

Vi tilbyr


Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Slik søkjer du


Klikk på “søk på stilling” og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen “Glemt brukernavn/passord” eller ta kontakt med Personalavdelinga.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1243-2019-01-14 (Oppgis ved kontakt med NAV) Kilde: Overført fra PAM annonsemottak
Medium: Webcrawl

Rådgjevar / undervisningsstilling – Os ungdomsskule for Os ungdomsskule

 

https://tjenester.nav.no/stillinger/stilling?p=0&rpp=20&rv=al&sort=akt&ID=9952632

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Os ungdomsskule
Bransje Barnehage
Yrke Allmennlærer (grunnskolen)
Sted Os (Postnr: 5200)
Stillingstype Unknown
Krav Høyere utdanning
Søknadsfrist Unknown

See in - Norsk