Open job position: Allmennlærer (grunnskolen) – Varhaug skule

Select rough translation.

Job Description

Published 14 Mar 2019 08:01:01 +0100
Deadline: Unknown






Varhaug skule

4360 VARHAUG

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finn ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er “Me løfter i lag”. Våre verdiar er Open, Driftig og Stolt. Me ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!

Teiknspråktolk/lærar med teiknspråkkompetanse

Varhaug skule har ledig ein 100 % fast stilling som teiknspråktolk / lærar med teiknspråkkompetanse frå 1.8.2019. Stillinga er knytt til ein elev med vedtak heimla i opplæringslova § 2-6.

Visjonen vår “Me løfter kvarandre” forpliktar. Me ønskjer å løfta alle 515 elevane og dei 70 tilsette. Skulen nyttar omgrepa relasjon-læring-ambisjon i arbeidet. Personen me søkjer må dela denne innstillinga. For å kunna løfte kvarandre, må me skapa gode relasjonar, byggje læringa på dette og ha ambisjonar om at alle kan vera den beste versjonen av seg sjølve.

Arbeidsoppgåver


Arbeidsoppgåver vil blant anna vere å tolke / følgje opp elev i klasse, undervisning i faget teiknspråk, noko fjernundervisning og samarbeida med lærarane.

Kvalifikasjoner


Ein som har eleven i fokus
Er fagleg sterk
Legg vekt på relasjonar
Har gode leiareigenskapar
Er løysingsorientert
Er offentleg godkjent tolk for hørselshemma / godkjent pedagogisk utdanning med minst 30 stp vidareutdanning i teiknspråk
Anna relevant utdanning og / eller erfaring kan og vere aktuelt

Søkarar som ikkje har norsk som sitt morsmål, må kunne godt norsk både skrifteleg og munnleg. Attestar og vitnemål tas med til intervju

Vi tilbyr


Kjekke og positive elevar
Kjekke og positive vaksne
Eit positivt arbeidsmiljø
Engasjerte vaksne
Ein skule i utvikling

Tilsetjingsvilkår


Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Søknad sendast


Hå kommune oppfordrar alle til å søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt med lonn@ha.kommune.no dersom du har vanskar med innlogging.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1119-2019-03-35 (Oppgis ved kontakt med NAV) Kilde: Overført fra PAM annonsemottak
Medium: Webcrawl

Teiknspråktolk/lærar med teiknspråkkompetanse for Varhaug skule

 

https://tjenester.nav.no/stillinger/stilling?p=0&rpp=20&rv=al&sort=akt&ID=10009369

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Varhaug skule
Bransje Barnehage
Yrke Allmennlærer (grunnskolen)
Sted Varhaug (Postnr: 4360)
Stillingstype Unknown
Krav Unknown
Søknadsfrist Unknown

See in - Norsk