Open job position: Barnevernspedagog – BARNEVERNSTENESTA I KVINNHERAD

Select rough translation.

Job Description

Published 10 Jan 2019 08:49:00 +0100
Deadline: Unknown






BARNEVERNSTENESTA I KVINNHERAD

5460 HUSNES

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.Eining Barn og familie – er ei av 23 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i fire avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT og avdeling tiltak og ressursar. Eininga held til i lokaler på Husnestunet på Husnes.

Barnevernskurator 100% vikariat – 2. gongs utlysing – Eining Barn og familie

Omtale av stillinga


Barnevernstenesta i Kvinnherad har ledig eit års 100% vikariat som barnevernskurator for snarleg tilsetjing.

Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:
  • sakshandsaming etter lov om barneverntjenester
  • oppfølging av barn og unge og deira familiar
  • barnevernundersøkingar
  • fosterheimsarbeid
  • samarbeid med andre hjelpeinstansar

Barnevernstenesta er ein aktiv og travel arbeidsplass. Dersom du blir tilsett hos oss kan vi love deg ein spanande jobb med gode moglegheitar for fagleg utvikling.

Kontoret har i dag 13 fagstillingar og barnevernsleiar.

I tilsetjingsprosessen kan andre vikariat verta ledige.

Kvalifikasjonar


3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning, fortrinnsvis barnevernspedagog, men andre med relevant høgskuleutdanning kan og søkja.

Personlege eigenskaper


Ynskjeleg med erfaring frå kommunal barnevernteneste
Kjennskap til verktøy og metodar i barnevernfagleg arbeid
Gode samarbeidsevner, god kommunikasjon og relasjonsbyggjar
At ein er eigna for arbeid med foreldre, barn og ungdom
Evne til å arbeida effektivt, sjølvstendig, målretta og strukturert
Evne til fleksibilitet og endringsvilje
Krev gode norskkunnskapar
Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar blir vektlagt ved tilsetjing.

Den som blir tilsett må ha sertifikat og disponera bil.

Vi tilbyr


Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Fleksibel arbeidstid, det må påreknast noko ettermiddags- og kveldsarbeid

Søknad vert å senda


Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1224-2019-01-22 (Oppgis ved kontakt med NAV) Kilde: Overført fra PAM annonsemottak
Medium: Webcrawl

Barnevernskurator 100% vikariat – 2. gongs utlysing – Eining Barn og familie for BARNEVERNSTENESTA I KVINNHERAD

 

https://tjenester.nav.no/stillinger/stilling?p=0&rpp=20&rv=al&sort=akt&ID=9957079

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver BARNEVERNSTENESTA I KVINNHERAD
Bransje Sosial-
Yrke Barnevernspedagog
Sted Husnes (Postnr: 5460)
Stillingstype Vikar
Krav Unknown
Søknadsfrist Unknown

See in - Norsk