Open job position: Enhetsleder (undervisning) – RYGJATUN BARNEHAGE

Select rough translation.

Job Description

Published 14 Mar 2019 07:59:02 +0100
Deadline: Unknown






RYGJATUN BARNEHAGE

4230 SAND

Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Det bur om lag 3900 menneske her. 1200 av desse bur i kommunesenteret Sand.Kommunen har eit godt og allsidig tenestetilbod. Det regionale kulturhuset for indre Ryfylke ligg i kommunesenteret Sand. Der ligg også regionalt idrettsanlegg og Suldalshallen.

Einingsleiar

Fast stilling som einingsleiar ved Sand barnehage


Det er ledig 100 % fast stilling som einingsleiar ved Sand barnehage frå 01.08.19.

Sand barnehage er fordelt på to bygg, avdeling Randåsen og avdeling Joagarden. Bygga ligg ca 1 km frå kvarandre. Me har ca 85 barn i alderen frå 1 til 6 år.
Me verdset mangfaldet og meinar det er viktig at alle barn får oppleva at det finst mange måtar å tenkja, leva og handla på. Me legg og vekt på inkludering og verdien av å tilhøyra eit fellesskap.
Satsingsområda er livsmeistring, helse, sosial kompetanse og språk. Sand barnehage skal vera ein god stad og vera, leika og læra.
Det er fleire fine naturområde som innbyr til utforsking og spennande leik. Begge avdelingane ligg i gangavstand til Sand skule, idrettsgbanen og den nye sømjehallen.

Som einingsleiar vil du også vera ein del av både styrargruppa og rektorgruppa som består av engasjerte einingsleiarar frå alle barnehagane og skulane i Suldal.

Ansvar


Einingsleiar er ansvarleg for den daglege drifta, tilpassing og utvikling av barnehagen.

Me ser no etter deg som er initiativrik og løysingsorientert, med evne til nytenking. Du må vera utviklings- og resultatorientert i arbeid med den pedagogiske verksemda og det pedagogiske personalet.

Kvalifikasjonar


Godkjent barnehagelærarutdanning. Dokumentert pedagogisk kompetanse.
Tilleggsutdanning innan administrasjon er ønskjeleg.
Relevant leiarerfaring er ønskjeleg
Strategisk innsikt og visjonar for barnehagen sin pedagogiske utvikling.
Gode samarbeidsevner, målretta og handlekraftig.
Evne til å motivera og inspirera alle medarbeidarane sine.
Innsikt i og evne til god økonomistyring.
Tilfredsstillande personlege eigenskapar.
Må disponera eigen bil.

Generelt/Søknad sendast


Suldal kommune kan hjelpa til med å skaffa bustad.

I samsvar med § 19 i Lov om barnehage vil dei som vert tilsett, måtta leggja fram tilfredstillande politiattest.

Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg. Rettkjende kopiar av attestar og vitmnemål må takast med til eventuelt intervju.

Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett, ta kontakt med servicetorget tlf. 52 79 22 00.

Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1134-2019-03-13 (Oppgis ved kontakt med NAV) Kilde: Overført fra PAM annonsemottak
Medium: Webcrawl

Einingsleiar for RYGJATUN BARNEHAGE

 

https://tjenester.nav.no/stillinger/stilling?p=0&rpp=20&rv=al&sort=akt&ID=10009367

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver RYGJATUN BARNEHAGE
Bransje Ledelse
Yrke Enhetsleder (undervisning)
Sted Sand (Postnr: 4230)
Stillingstype Unknown
Krav Unknown
Søknadsfrist Unknown

See in - Norsk