This job has Expired

Fagansvarleg vernepleiar, 100% fast – ETNE KOMMUNE

Health and social care Health

(3 weeks ago)

  • ETNEDAL
  •  Post Date: 3. June 2020
  •  Expire date: 3. June 2020
Job Description

Published 03-06-2020
Deadline: 03-06-2020






Fagansvarleg vernepleiar, 100% fast

Etne kommune, avd miljøarbeidstenesta, søker fagansvarleg vernepleiar som er meistringsorientert med fokus på utvikling av fag og kvalitet i tenesta. Om du er vernepleiar med erfaring og ønsker ein spennande arbeidsplass med mange interessante oppgåver, så kan dette vera ein jobb for deg. Miljøarbeidstenesta gir helse og omsorgstenester til innbyggar i Etne kommune med ulike funksjonsnedsettingar i aldersgruppa 9-65 år. Det er per i dag ca 22 årsverk med ein god kompetanse som vernepleiarar, pedagog og helsefagarbeidarar.

Arbeidsoppgåver

Som fagansvarleg har du i samarbeid med avdelingsleiar, ansvar for den faglege utviklingen og leiinga av avdelingen, kor du skal vera med å rettleie og leie dine kollegaer i arbeidet.
Fagansvarleg vernepleiar har ansvar for kontinuerlig forbedring av både den indirekte og direkte tenesteutforminga rundt brukarane i eigen avdeling. Arbeidet inneber å sikre at det indirekte miljøarbeidet er juridisk forsvarleg, og å sette medarbeidere istand til å gjennomføre aktuelle arbeidsoppgaver, herunder koordinering av Individuell Plan.

Ein må som fagansvarleg pårekne noko direkte miljøarbeid hos brukarar, og å bistå med praktiske oppgåver i den daglege drifta. Arbeidet inneber blant anna tilrettelegging av aktiviteter og veiledningstenester, praktisk bistand, og habiliterande/re-habiliterande tiltaksarbeid.
Miljøarbeidstenesta opplever ei utvikling med brukerar som er mer sjølvstendige og samtidig har meir varierte utfordringermed større behov for fleksibilitet og tilpasning av tenesta enn tidlegare.
Utvikling og endring av tenesten krev eit tydeleg fokus på kompetanse, fag og kvalitet. Vi søker derfor deg som er engasjert, nytenkende og som har gjennomføringskraft, gjerne med erfaring fra endringsprosesser.

kompetanse:

  • Autorisert vernepleiar eller med anna 3 årig helsefaglig bakgrunn.
  • Gjerne erfaring frå utviklingsarbeid og leiing.
  • Gjerne med vidareutdanning i psykisk helsearbeid

Personlege eigenskapar

  • Du evner å motivere dine kollegaer til endring og utvikling
  • Du har ein kommunikasjonstil som er tydeleg, og prega av involvering og mot
  • Ditt arbeid er prega av struktur, og du har evne til å tenke heilskapleg
  • Du er trygg, raus og engasjert både ift brukarar og tilsette

Annan informasjon

Det er krav om politiattest
Førarkort kl B
Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.

Søknad skal sendast

Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema – dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000. Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja “søk stilling” til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.

Dersom søkjar ønskjer å reservera seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver ETNE KOMMUNE orgnr: 974550792
Kort om arbeidsgiver

Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helse
Sted ETNEDAL (Adresse: Postnr: 2890)
Stillingstype Annet Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-06-2020


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2769597b-0b4f-47da-a723-15ee4bd7b7d5
DEXI
https://rekrutering.etne.kommune.no/recruitment/opening?1

Ledig stilling: Fagansvarleg vernepleiar, 100% fast - ETNE KOMMUNE