Open job position: Faglærer (grunnskole) – Gullfjordungen skule

Select rough translation.

Job Description

Published 14 Mar 2019 07:58:02 +0100
Deadline: Unknown






Gullfjordungen skule

5704 VOSS

Voss – bygd for sterke opplevingar Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Kommunen har om lag 14.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust – vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss kommune er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1250 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.

Grunnskulelærar Gullfjordungen skule

Ved Gullfjordungen skule er det ledig 100 % fast undervisningsstilling frå 1.8.2019.

Om arbeidsstaden


Gullfjordungen skule er ein barneskule for 1-7. klasse, med 132 elevar og 21 tilsette til hausten. Skulen ligg to km frå Vangen, med flott utsikt over Vangsvatnet og Gråsida. Skulebygningane består av to hus, hovudbygg frå 1977 og gamleskulen, der SFO held til.

Skulen har fokus på eit godt læringsmijlø, med kommunalt satsingsområde “betre læringsmijlø”. Skulen brukar metoden STL+ frå 1. klasse. STL+ står for å skrive seg til lesing ved help av lydstøtte.

Arbeidsoppgåver

  • Leia IKT-team på skulen
  • Vedlikehalde IT-utstyr i samarbeid med IT i kommunen
  • Sette seg inn i ny programvare
  • Delta i IKT-forum for skulane i kommunen
  • Kunne vere kontaktlærar

Me søkjer


Kompetansekrav:
Grunnskulelærar med utdannning eller erfaring med IKT
Søkjar må ha kompetanse til å undervise frå 1-7. klasse.
Søkjarar med GLU kan også bli vurdert

Me søkjer etter ein kreativ og dyktig lærar med god relasjonskompetanse. Det er viktig med gode samarbeidsevner og god kompetanse innanfor klasseleiing.

Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Hugs å gje opp referansar

Me tilbyr

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søknad


Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1235-2019-03-27 (Oppgis ved kontakt med NAV) Kilde: Overført fra PAM annonsemottak
Medium: Webcrawl

Grunnskulelærar Gullfjordungen skule for Gullfjordungen skule

 

https://tjenester.nav.no/stillinger/stilling?p=0&rpp=20&rv=al&sort=akt&ID=10009364

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Gullfjordungen skule
Bransje Barnehage
Yrke Faglærer (grunnskole)
Sted Voss (Postnr: 5704)
Stillingstype Unknown
Krav Unknown
Søknadsfrist Unknown

See in - Norsk