Job Description

Published 07-04-2021
Deadline: 23-04-2021

 

Helsesjukepleiar fast stilling

Org. nr: – Stillingsident: 4368213284 Presentasjon av stillingen:
I Ørsta kommune er det frå d.d. ledig 100 % stilling som helsesjukepleiar ved Ørsta helsestasjon.

Arbeidsoppgåver

Helsestasjonsverksemd med spe- og småbarnskonsultasjonar og skulehelseteneste med meir.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent utdanning som helsesjukepleiar, Off. godkjent sjukepleiar kan også verte vurderte til stillinga.
  • Du må ha førarkort og disponere bil i arbeidstida

Personlege eigenskapar

  • Relevant arbeidserfaring
  • Gode faglege kvalifikasjonar
  • Gode kommunikasjons og samarbeidsevner
  • Sjølvstendig og fleksibel.

Personlege eigenskapar vert vektlagde og referansar nytta. Aktuelle søkjarar kan verte innkalla til intervju. Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Godt fagmiljø og ein helsestasjon i stadig utvikling
  • Utfordrande og variert arbeidskvardag
  • Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i KLP

Stillinga er plassert i HTA kapittel 4GR2 -stillingar med krav om 4 års høgskuleutdanning
Stillingskode 6185 – helsesjukepleiar

Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk .

Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.

Om offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Ingun Håheim Fjørtoft, Einingsleiar, 97423424, ingun.haheim.fjortoft@orsta.kommune.no
Kristin Vik, seksjonsleiar helse og velferdstenester, 95056613, kristin.vik@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Kyrkjegata 73
6150 Ørsta

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Ørsta kommune

Referansenr.:4368213284
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 23.04.2021

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Seksjon Helse- og velferdstenester, Ørsta kommune orgnr: 975305074
Kort om arbeidsgiver

Ørsta
kommune er med om lag 10 900 innbyggjarar den 4. største kommunen
i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv med mange kompetansearbeidsplassar. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Frå flyplassen har vi fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit – gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi – gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje – gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted ØRSTA (Adresse: Kyrkjegata 73 Postnr: 6150)
Stillingstype Annet Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 23-04-2021


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4c2626b0-bf18-4715-aab0-9008dceb2e33
XML_STILLING

Ledig stilling: Helsesjukepleiar fast stilling - Seksjon Helse- og velferdstenester, Ørsta kommune