Job Description

Published 17-03-2023
Deadline: 01-04-2023

 

Kafémedarbeidarar

Kafémedarbeidarar

2 faste 100% stillingar+ fleire stillingar som ekstrahjelp

Bakar Jon finn du på Byrkjelo, langs E39. Dette er ein fast stoppestad for mange vegfarande mellom Bergen og Ålesund. Bakar Jon er eit populært bakeri, konditori, kafeteria og spesialbutikk for lokalmat.

Vi ser etter deg som er:

  • Hyggeleg og utadvend
  • Løysingsorientert
  • Påliteleg og effektiv
  • Fleksibel
  • Snakkar godt norsk
  • Gjerne kokkeerfaring, men ikkje noko krav

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeid i kafé og butikk
  • Matlaging
  • Kassaarbeid
  • Reinhald

Coop Nordvest kan tilby:
Ordna løns- og arbeidstilhøve. Du får god opplæring, og høve til ytterlegare kompetanseheving gjennom våre kursprogram på e-læring. Du blir medlem av våre innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og dekkast av våre gode forsikringsordningar. Vi har rabattavtalar for tilsette.

Kontaktinformasjon: Spørsmål om stillinga rettast til butikksjef, Solgunn Brakestad Sårheim, på tlf. 906 16 526

Søknad og CV registrerast på: www.deibestefolka.no, link til siden finner du under “søk på stilling” knappen på denne siden.

Søknadsfrist: 1. april 2023

 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Coop Nordvest avd. Bakar Jon orgnr: 912175839
Kort om arbeidsgiver

Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 5,8 milliardar i omsetnad og ca. 2200 medarbeidarar. Vi har butikkar i 48 kommunar, frå Åfjord i nord til Gulen i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke.

Webside
Bransje Salg og service
Yrke Salg, butikk- og varehandel
Sted BYRKJELO (Adresse: Postnr: 6826)
Stillingstype Annet Heltid Antall stillinger: 4
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-04-2023


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4e6f4b63-8fe1-47fc-8ca2-341495093c61
AMEDIA
www.deibestefolka.no

Ledig stilling: Kafémedarbeidarar - Coop Nordvest avd. Bakar Jon