This job has Expired

Job Description

Published 26-03-2020
Deadline: 14-04-2020






Kulturskulerektor/kulturskulelærar- Vik kommune

Vil du vera med å forma kulturlivet i Vik kommune?

Me har ledig inntil 100% stilling som kulturskulerektor i Vik kommune frå hausten 2020 og søker ein person som gjennom denne interessante jobben kan få vera med å vidareutvikla kulturlivet i kommunen. Kulturskulen har i overkant av 60 barn og ungdommar som får opplæring. Me driv med instrumental- og vokalopplæring i musikk, musikkterapi, dans, visuell kunst og arrangerer UKM. Kulturskulen samarbeider tett med skulane og andre aktørar på kulturfeltet i alledei fem bygdene i kommunen. Vik kulturskule har om lag 2,4 årsverk og held til i eigne kulturskulelokale i Vik.

Arbeidsoppgåver

Stillinga som kulturskulerektor er delt i to der 30% er kulturfagleg, pedagogisk og administrativ leiing av Vik kulturskule. Ein deltek i leiargruppa i oppvekstsektoren for å styrka samarbeidet med grunnskulen og andre tverrfaglege einingar det er aktuelt å samarbeida med. Sakshandsaming, personal- og økonomiansvar ligg i stillinga. Som kulturskulerektor skal ein vera pådrivar for å utvikla kulturskulen gjennom dagleg drift og prosjektarbeid. Den resterande delen av stillinga skal nyttast til undervisning av elevar. I hovudsak er behovet innanfor vokal, gitar, piano, og band.

Som kulturskulerektor i Vik kommune får ein høve til å utvikla seg som leiar gjennom tett dialog med leiaren sin, gjennom samarbeid på tvers med andre tenesteleiarar og som ein del av kommunen si tenesteleiargruppe med fire samlingar i året.

Kvalifikasjonskrav

Det er ønskjeleg med høgare kunstfagleg utdanning i utøvande og /eller skapande kunstfag, tilpassa undervisningsoppgåvene for stillinga. Som eit minimum er det krav til tre års kunstfagleg utdanning og det er krav om praktisk pedagogisk utdanning. Alternativt faglærarutdanning med minimum 120 studiepoeng kunstfag.

Ein søker etter personar med leiarerfaring og kunnskap om kulturskuleområdet. Erfaring frå arbeid med kunst og kultur, barn og ungdom vert vektlagt. Gode evner til å kommunisere både skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

Kreativ og utviklingsorientert.

Gode samarbeidsevner, fleksibilitet og omstillingsevne.

Leiarerfaring og leiareigenskapar.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Løns- og tilsetjingsvilkår

Løn etter kommunalt avtaleverk.

Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Den som vert tilsett må levera politiattest og helseattest av ny dato.

Andre opplysningar

Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.

Søknadsprosedyre

Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 57 69 82 00.

Søknadsfrist 14.04.2020 Utlyst dato 26.03.2020 Vårref 497

Kontaktperson

Bjarnhild Samland, Kommunalsjef oppvekst, mobil: 97195263, bjarnhild.samland@vik.kommune.no

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vik kommune orgnr: 973972839
Kort om arbeidsgiver

Vik kommune har i underkant av 2700 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod. Tenestemålet er nynorsk.

Vik kommune er ein stor arbeidsplass med om lag 350 tilsette fordelt på ca 254 årsverk og eit brutto driftsbudsjett på 206 mill.kr.

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Ledere av undervisning og utdanning
Sted VIK I SOGN (Adresse: Postnr: 6893)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 14-04-2020


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4ceeb426-a8f9-4fe3-88e0-061d9e5e782c
DIR

Ledig stilling: Kulturskulerektor/kulturskulelærar- Vik kommune - Vik kommune