This job has Expired

Job Description

Published 01-01-2020
Deadline: 16-01-2020






Kundekonsulent

Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4168308366 Presentasjon av stillingen:
Drift/teknisk kundesenter er eit internt kundesenter i Helse Bergen. Gjennom ei web-side, eit telefonnummer og ei e-postadresse skal det vere enkelt for tilsette å henvende seg til Drift/teknisk divisjon. Drift/teknisk divisjon yter eit breitt spekter av ikkje-medisinske tenester til avdelingane i Helse Bergen. Divisjonen har som visjon å gjere kvardagen enklare for avdelingane ved sjukehuset.

Vi er nå på jakt etter ein dyktig kundekonsulent og har ledig fast stilling.

Arbeidsoppgåver

  • Ta imot, behandle og følgje opp alle typar kundehenvendingar til Drift/teknisk divisjon på telefon, e-post, elektronisk bestillingssystem og personleg oppmøte
  • Kundeservice innan fleire område. Til dømes bestilling av tekniske tenester, koordinering av flytteteneste, søknader på parkeringsplass, tildeling av garderobe, utskriving av id-kort og hjelp til nytilsette
  • Rettleiing og informasjon til kundar om divisjonen sine tenester og bestillingssystem
  • Koordinere tenester mellom fleire einingar i divisjonen

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på høgskule/universitet, årsstudie/grunnfag
  • Erfaring med kundebehandling
  • Erfaring frå kundesenter er ønskjeleg men ikkje eit krav
  • Må ha grunnleggjande datakunnskap og kunne bruke ulike datasystem på brukarnivå
  • Må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, årsstudie / grunnfag

Personlege eigenskapar

  • Høg grad av serviceinnstilling
  • Det vil bli lagt vekt på å vere personleg eigna
  • Kommunisere godt med ulike typar menneske
  • Trivast med ein travel dag full av aktivitet og varierte oppgåver
  • Kunne handtere fleire oppgåver samstundes
  • Fleksibel
  • Strukturert i arbeidet

Vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgåver, rotering mellom oppgåvene
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Godt arbeidsmiljø
  • Dagtid frå måndag til fredag
  • Det vil bli gitt god opplæring

Kontaktinformasjon

Kjersti Helgesen, Avdelingssjef, 55971660/ 90514793

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Helse Bergen

Referansenr.:4168308366
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.01.2020

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Drift/teknisk kundesenter, Helse Bergen orgnr: 974557746
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Fast Heltid
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 16-01-2020


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/fe7ce9c1-659f-4ce3-89a2-f8573c401c44
XML_STILLING

Ledig stilling: Kundekonsulent - Drift/teknisk kundesenter, Helse Bergen