Job Description

Published 25-11-2021
Deadline: 08-12-2021

 

LÆRARJOBB EIN VINTER PÅ HOVDEN!

Org. nr: 958 814 968 Stillingsident: 4453666960 Presentasjon av stillingen:

Vi gir rekrutteringstillegg på kr. 40 000 pr. år i 3 år for deg som har godkjent utdanning.
Fjellgardane skule ligg på Hovden i Setesdal og er ein 1-7 skule og har om lag 50 elevar.
Bykle kommune har gode skular og ønskjer seg lærarar som kan vere med å gjere sitt til at vi blir endå betre. Skulane er godt utstyrte, inkludert svært gode digitale verktøy, for både lærarar og elevar. Det er gode uteområde med mulegheit for uteundervisning. Klassestorleiken er slik at uteaktivitetar er muleg. Skuleutvikling og gode læringsmiljø er viktige for oss. Dette ønskjer vi at lærarane våre skal engasjere seg i. Lærardekninga er god og du vil møte dyktige lærarkollegaer.

Det er ledig 1 vikariat i 100 % stilling f.o.m. 01.01.22 t.o.m. 31.07.22

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og leie elevane si læring
  • Analysere og følje opp elevane si læring
  • Sørge for eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane
  • Vere aktiv i eit lærande fellesskap på skulen og i samarbeid med andre

Kvalifikasjonar

  • Formell utdanning som kvalifiserer for tilsetting og undervisning i grunnskulen
  • Samla må dei tilsette ved skulen kunne dekke alle fag på alle trinn
  • Må kunne bruke digitale læremiddel i undervisninga
  • God norskkunnskap, skriftleg og munnleg
  • Søkjarane må spesifisere fagkompetanse for kvart fag i CV.

Personlege eigenskapar

  • Initiativrik, gode samarbeidsevner og kan jobbe sjølvstendig og strukturert.
  • Løysingsorientert og fleksibel
  • Ein god klasseleiar med evne til å skape gode klassemiljø
  • Evne til å bygge gode relasjonar
    I tillegg til kompetanse legg vi vekt på punkta over.

Vi tilbyr

  • Løn etter kompetanse
  • Rekrutteringstillegg på kr. 40 000 per år i 3 år for den som har godkjent utdanning
  • Oppfølging av mentor for nyutdanna
  • Gode pensjons- og forsikringsordingar
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad

Krav om godkjent politiattest ved tilsetting.
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ønskjar ikkje kontakt med annonseseljarar Det vert kravd politiattest for tilsetting i stillinga.
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.

Vi ønskjar ikkje kontakt med annonseseljarar

Kontaktinformasjon

Rønnaug Torvik, Tenesteleiar, 48894317, ronnaug.torvik@bykle.kommune.no

Arbeidssted

Skulevegen 41
4755 Hovden i Setesdal

Søk på stillingen:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver:Bykle kommune

Referansenr.:4453666960
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 08.12.2021

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fjellgardane skule på Hovden  i Setesdal orgnr: 975296822
Kort om arbeidsgiver

Bykle kommune har om lag 970 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det
er 18 mil til Kristiansand, 18 mil til Stavanger (sommar) og 30 mil til Oslo og
Bergen. Kommunesenteret er Bykle, medan Hovden er eit godt utbygd turistsenter.
Barnehagen, skulen og SFO er godt utbygd. Vi har og vidaregåande skule.
Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter, med mellom anna godt
utbygde anlegg vintersportsenteret Hovden.

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted HOVDEN I SETESDAL (Adresse: Skulevegen 41 Postnr: 4755)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-12-2021


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a7fa61a8-9b68-44ee-8f3a-668b7370aa63
XML_STILLING

Ledig stilling: LÆRARJOBB EIN VINTER PÅ HOVDEN! - Fjellgardane skule på Hovden  i Setesdal