This job has Expired

Job Description

Published 26-02-2020
Deadline: Unknown






Ledig 50 % fast stilling som helsefagarbeidar i heimetenesta, saksnr. 20/178

Heimetenesta har base på sjukeheimen og server innbyggarane frå Tittelsnes i nord til

Vikse i sør. Basen ligg om lag 17 minutt frå Haugesund og 25 minutt frå Stord.

Avdelinga har eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei

samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til våre brukarar. Me tar godt

mot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Me er opptatt av at du trivs og føler deg trygg i

avdelinga. Turnusane er todelt dag/kveld og 3 kvar helg.

Oppgåver:

Varierte oppgåver og stor variasjon i aldersgruppa me gir tenester til. Mange spanande

faglege utfordringar knytt til samhandlingsreforma. Heimetenesta arbeider tverrfagleg

med andre virksemder i kommunen som Tenestekontoret, psykisk helse, Hjelpemiddel lager, Fysio/ergo og sjukeheimen.

Me bruker Cosdoc som elektronisk journalsystem. Me jobbar aktivt for at brukarane skal meistre å bu heime så lenge som mogleg. Kvardagsrehabilitering blir aktivt brukt for å oppnå dette målet. Arbeidsoppgåvene i stillinga er praktisk bistand i heimen og gi helsehjelp til brukarane. Du må vere innstilt på å utføre reinhald i heimen hjå brukarane.

Kvalifikasjonar for stillinga:

• Autorisasjon som helsefagarbeidar

• Sertifikat (manuell gir)

Må ha godkjent politiattest

Me ser etter deg som :

• Er fleksibel og løysingsorientert

• Intiativrik

• Har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig

• Har evne til å sette fag, kvalitet og service i fokus.

• Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og ein god læreplass for elever og studentar

Sveio kommune kan tilby:

• Dyktige kollegaer i godt arbeidsmiljø.

• Gode muligheter for fagleg og personlig utvikling.

• Faste sosiale arrangement

• God offentleg pensjonsordning

• Leasing bil

• Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

  • Inkluderende arbeidsmiljø – IA bedrift

  • Bedriftshelsetjeneste

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Lønsvilkår: Etter gjeldande lov- og avtaleverk.

For meir informasjon om stilling kan du kontakte:

Einingsleiar Heimetenesta Hildegunn Lindaas, telefon 53 74 82 30

Sveio kommune oppmodar alle våre søkjarar til å nytta vårt digitale søknadssenter
www.sveio.kommune.no/selvbetjening

Treng du hjelp til utfylling av skjema eller tilgang til pc, ta kontakt med Servicekontoret, Sveio kommune. Tlf: 53 74 80 00

SØKNADSFRIST: 13.03.2020

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sveio kommune orgnr: 974549360
Kort om arbeidsgiver
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helse
Sted SVEIO (Adresse: Postnr: 5550)
Stillingstype Fast Deltid
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/07040583-20a4-4b02-b678-0dd3d7c97c65
DEXI
https://www.sveio.kommune.no/ledig-stilling/ledig-50-fast-stilling-som-helsefagarbeidar-i-heimetenesta-saksnr-20-178.13717.aspx

Ledig stilling: Ledig 50 % fast stilling som helsefagarbeidar i heimetenesta, saksnr. 20/178 - Sveio kommune