Job Description

Published 17-11-2020
Deadline: 03-12-2020






Lege i spesialisering innan klinisk farmakologi, ledig vikariat

Org. nr: 983 974 724 Stillingsident: 4313806918 Presentasjon av stillingen:

Seksjon for klinisk farmakologi ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Avdelinga har ein omfattande rutine- og forskingsaktivitet innan klinisk farmakologi og medisinsk biokjemi, og er godkjend for hovudutdanninga innan spesialiteten klinisk farmakologi.

Seksjonen har tilsett 6 overlegar, 3 legar i spesialisering (LIS) og 7 farmasøytar. Fleire medarbeidarar har bistilling og ein har hovudstilling ved UiB. Seksjonen har ansvar for leiarskap av Helse Bergen sin legemiddelkomite og for koordinering av legemiddelrådgjeving i føretaket. Seksjonen inkluderer legemiddelinformasjonssenteret i Helseregion Vest, RELIS Vest, og ein av overlegane er førebels dens leiar.

Seksjonens medarbeidarar gir beslutningstøtte innan legemiddelbehandling til primær- og spesialisthelsetenesta , formidlar kunnskap om riktig bruk av legemiddel og driv forsking innan fagfeltet.

Det er ledig 1 vikariat frå 01.03 2021 tom 31.12.2021 med moglegheit til forlenging. Seinare tiltredelse er også aktuell.

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg medansvar for lege- og rusmiddelanalysar og tilhøyrande iagnostikk:
    • Tolke analyseresultat som ledd i individretta behandling
    • Vurdere klinisk nytteverdi av lege- og rusmiddelanalysar, samt deira preanalytisk og analytisk kvalitet
    • Bidra til vidareutvikling av analysetilbodet i samarbeid med relevante kliniske miljø
  • Fagleg medansvar for formidling av rasjonell farmakoterapi:
    • Gje råd til helsepersonell i bruk av legemiddel i anledning effekt og biverknader
    • Delta i arbeid med produsentuavhengig legemiddelinformasjon – Delta i KUPP-Kunnskapsbaserte oppdateringsvisitter for fastlegar
    • Delta i arbeid med biverknader
    • Delta i arbeid i legemiddelkomiteen
    • Delta i vaktordning måndag til fredag frå kl. 0800 – 1600

Den som blir tilsett vil få moglegheit til å delta i prosjekt knytt til vårt fagområde.

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i klinisk farmakologi eller annan klinisk erfaring, fortrinnsvis innan allmennmedisin, indremedisinske fag, psykiatri eller rusmedisin vert lagt vekt på
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne innan norsk og engelsk
  • Erfaring frå arbeid i eit laboratorium vert lagt vekt på
  • Erfaring og interesse med forsking og undervisning vert lagt vekt på

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Personlege eigenskapar

  • Du må:
    • ha evne til sjølvstendig og prosjektorientert arbeid
    • vere motivert for fagleg utvikling og forsking, samt undervising
    • ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Personleg egnethet vert lagt vekt på

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • God opplæring
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Tid til fagleg fordjuping og utvikling
  • Lønn etter gjeldande overeinskoms
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Tormod Karlsen Bjånes, Overlege, PhD, 55973065, tormod.karlsen.bjanes@helse-bergen.no>

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Helse Bergen

Referansenr.:4313806918
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 03.12.2020

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Helse Bergen orgnr: 974557746
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-12-2020


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/83da6686-1904-43dc-acc0-9b2b651cf1f4
XML_STILLING

Ledig stilling: Lege i spesialisering innan klinisk farmakologi, ledig vikariat - Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Helse Bergen