Open job position: Miljøterapeut (vernepleier) – OS KOMMUNE VESTRE LURANE PU-OMSORGS

Select rough translation.

Job Description

Published 10 Jan 2019 08:17:07 +0100
Deadline: Unknown






OS KOMMUNE VESTRE LURANE PU-OMSORGS

5200 OS

Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.

Miljøterapeut 2×100% – Tenester for utviklingshemma, Vestre Lurane bufellesskap

Ved Tenester for utviklingshemma, for tida avdeling Vestre Lurane bufellesskap, er det ledig 2 x 100% faste stillingar som miljøterapeut i frå snarast.
Ein av våre medarbeidarar skal gå av med pensjon. I tillegg har vi auka mengde oppdrag. På bakgrunn av dette treng vi no å styrke personalgruppa vår.

Arbeidsstad


Teneste for vaksne utviklingshemma i Os kommune består av 6 bufellesskap og eit dagsenter.
Vestre Lurane er eit bufellesskap med 9 tenestemottakarar med ulike bistandsbehov.
I tillegg har bufellesskapet ansvar for oppfølging av heimebuande tenestemottakarar og ei avlastningsleilighet.

Arbeidsoppgåver


Stillingane er knytt til bufellesskapet, men vil ha i hovudoppgåver å følge opp heimebuande tenestemottakarar og vere ein del av bemanninga knytt til avlastningsleiligheta.

Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane.
I funksjonen inngår førebygging, habilitering og rehabilitering. Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng
for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.

Du må vere villig til å utføre hovudkontaktarbeid.
Dette arbeidet inneber å følgje særskilt med ein tenestemottakar sine behov i høve økonomi, helse, dagtilbod,
fritidstilbod og hjelp til daglege føremål.
Vidare må du rekne med å arbeide aktivt saman med, og vere initiativtakar i høve tenestemottakaren sine
pårørande,familie, vener og hjelpeapparatet elles.

Stillingane er i turnus.

Kvalifikasjonar


Du har relevant helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på bachelornivå, fortrinnsvis vernepleiar eller sjukepleiar.
Vidare har du erfaring frå målretta miljøarbeid med personar med utviklingshemming. Erfaring i frå psykisk helsearbeid er også ønskeleg.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Du har god relasjonskompetanse og god evne til å arbeide sjølvstendig.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr


Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Slik søkjer du


Klikk på “søk på stilling” og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen “Glemt brukernavn/passord” eller ta kontakt med Personalavdelinga.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1243-2019-01-23 (Oppgis ved kontakt med NAV) Kilde: Overført fra PAM annonsemottak
Medium: Webcrawl

Miljøterapeut 2×100% – Tenester for utviklingshemma, Vestre Lurane bufellesskap for OS KOMMUNE VESTRE LURANE PU-OMSORGS

 

https://tjenester.nav.no/stillinger/stilling?p=0&rpp=20&rv=al&sort=akt&ID=9956951

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver OS KOMMUNE VESTRE LURANE PU-OMSORGS
Bransje Helse- og pleiearbeid]
Yrke Miljøterapeut (vernepleier)
Sted Os (Postnr: 5200)
Stillingstype Unknown
Krav Unknown
Søknadsfrist Unknown

See in - Norsk