Nynorskpraktikant – Stiftinga Nynorsk avissenter

Kultur og kreative yrker Journalistikk og litteratur

(2 weeks ago)

  • FØRDE
  •  Post Date: 23. September 2022
  •  Expire date: 15. October 2022
Job Description

Published 23-09-2022
Deadline: 15-10-2022

 

Nynorskpraktikant

Vil du bli journalist – her får du opplæring med lønn

Nynorsk avissenter søkjer etter deg som vil bli journalist og skrive på nynorsk.
Vi tilbyr plass for fem praktikantar i kull 20. Opplæring og praksis i journalistikk og nynorsk som mediespråk for nett, avis og sosiale medium. Praktikantkurset startar 3. januar 2023 med fire månader i Firda Media i Førde, deretter to månader journalistpraksis i sjølvvald avis i mai og juni 2023. Lønn i heile opplæringstida. Etter 19 kull har vi lært opp 83 nynorskpraktikantar sidan starten i 2013. Over halvparten av dei arbeider som journalist i dag. No ser vi etter nye talent.

Nynorsk avissenter samarbeider med NRK Nynorsk mediesenter i Førde, som driv tilsvarande opplæring for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium. Dei lyser ut det 39. praktikantkurset med same søknadsfrist, 15. oktober.

Vi tilbyr

  • Eit halvt år effektiv og intensiv opplæring i avisjournalistikk
  • Fire månader praksis i Firda Media og to månader i sjølvvald avisredaksjon
  • Variert trening i produksjon for nett, papir og sosiale medium
  • Førelesingar i språk, presseetikk, kjeldekritikk og journalistisk metode
  • Innføring i video, foto, strøyming, frontredigering, gravejournalistikk, datastøtta journalistikk
  • Tett oppfølging frå erfarne journalistar og lærarar
  • Attest frå Nynorsk avissenter og praksisavis
  • Hjelp til å skaffe bustad i Førde

Du har

  • Lyst til å skrive nynorsk og vil bli journalist
  • Samfunnsinteresse og -engasjement
  • Stå-på-vilje, likar utfordringar og høgt tempo
  • Evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre
  • Førarkort klasse B

Vi ønskjer søkjarar frå heile landet og tek inn søkjarar med ulik bakgrunn og utdanning.
Hugs attestar og vitnemål når du søkjer. Les meir på heimesida vår.

Søk på stillingen ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på høyre side.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stiftinga Nynorsk avissenter orgnr: 915116027
Kort om arbeidsgiver

Stiftinga Nynorsk avissenter gir nynorskpraktikantar opplæring og praksis i journalistikk. Vi held til i Førde, med Firda som vertsavis, og tar inn fem praktikantar i halvåret. Vi samarbeider tett med NRK Nynorsk mediesenter og har fleire felles førelesingar. Føremålet vårt er å få fram nynorskbrukande journalistar med høg digital kompetanse. To av tre arbeider i dag i mediebransjen. Vi har hatt eksterne praksisplassar i aviser som Bergens Tidende, Dag og Tid, Firda, Framtida, Hallingdølen, Haugesunds Avis, Hordaland, Jærbladet, Klassekampen, Kvinnheringen, Nordhordland, Romsdals Budstikke, Sogn Avis, Stavanger Aftenblad, Sunnmørsposten, TV2, Vestnytt og Vårt Land. Opplæringa er finansiert av Kulturdepartementet og Firda Media/Amedia.

Webside
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Journalistikk og litteratur
Sted FØRDE (Adresse: Postnr: 6800)
Stillingstype Annet Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-10-2022


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/353ff0fe-f1ca-4a50-9f8e-cb9833c7b4e8
AMEDIA
https://payment.schibsted.no/authn/?client_sdrn=sdrn%3Aspid.no%3Aclient%3A5087dc1b421c7a0b79000000&nonce=80d455c8-ecbb-43d2-abc2-dbca442a4af7&state=3ef727d27f8f9a8becb5732729bf77f337dad527e65adc0240e01521212c890cfd818032eca14e3487e1c5a0391a79357d6ac8b017c1e304a563428fe5f4957bbdd8c298f975c2aa3c4140df1d1087cafbe490b82f2322b1b5a10a17303c80162a7cc23e21a4c2b7a09bde6ff4831eee415f987f325c5c1732ad9695e4d18039&client_id=5087dc1b421c7a0b79000000&one_step_login=true&teaser=login-v1&acr_values=password

Ledig stilling: Nynorskpraktikant - Stiftinga Nynorsk avissenter