Økonomirådgjevar – Vik kommune

Kontor og økonomi Economy, Statistics and accounting

(1 week ago)

  • VIK I SOGN
  •  Post Date: 26. March 2020
  •  Expire date: 6. April 2020
Job Description

Published 26-03-2020
Deadline: 06-04-2020






Økonomirådgjevar

Me har ledig

100% fast stilling som økonomirådgjevar frå snarast.

Då vår fagleiar økonomi er ute i permisjon ynskjer me og tilsetja ein rådgjevar som kan utføre fagleiaren sine arbeidsoppgåver i hennar permisjonstid. Deretter vil den tilsette få arbeidsoppgåver både innan økonomi og personal.

Arbeidsoppgåver

I tida fagleiaren er ute i permisjon vil følgjande hovudoppgåver ligge til stillinga:

– Eigedomsskattekontoret

– Oppfølging og rekneskapsføring i samband med sal av konsesjonskraft

– Økonomiplan, budsjett, rekneskap og årsbudsjettering

– Løpande økonomistøtte og rapportering

– Finansforvaltning

Andre oppgåver:

– Fakturering, handsaming av inngåande faktura og innbetaling(cremul)

– Handsaming av meirverdiavgift, både kompensasjon og frådrag

– Sakshandsaming innafor fagområda økonomi og lønn

– Arbeid innan personalfunksjonen (HR)

– Anna førefallande arbeid i stab

Kvalifikasjonskrav

Me søker ein person med økonomisk utdanning på universitet / høgskulenivå.

Relevant praksis og erfaring frå arbeid med kommuneøkonomi vil bli vektlagt.

Personlege eigenskapar

Me søkjer etter ein person som har:

Gode samarbeidsevner og positiv innstilling.

Utviklingsorientert, initiativrik og er strukturert.

Evne til å ta ansvar og arbeida sjølvstendig

Løns- og tilsetjingsvilkår

Løn og andre vilkår i samsvar med kommunal tariffavtale.

Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Fleksibel arbeidstid.

Andre opplysningar

Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.

Søknadsprosedyre

Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 57 69 82 00.

Søknadsfrist 06.04.2020 Utlyst dato 26.03.2020 Vårref 499

Kontaktperson

Geir Svendsen, Kommunalsjef stabsfunksjonar, mobil: 91849773, geir.svendsen@vik.kommune.no

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vik kommune orgnr: 974554569
Kort om arbeidsgiver

Vik kommune har i underkant av 2700 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod. Tenestemålet er nynorsk.

Vik kommune er ein stor arbeidsplass med om lag 320 tilsette fordelt på ca 257 årsverk og eit brutto driftsbudsjett på 220 mill.kr.

Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Økonomi, statistikk og regnskap
Sted VIK I SOGN (Adresse: Postnr: 6891)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 06-04-2020


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6512a4ce-b012-4934-9838-adb2e92017e3
DIR

Ledig stilling: Økonomirådgjevar - Vik kommune