Ølensjøen FUS barnehage søkjer pedagogisk leiar – Ølensjøen FUS barnehage as
Education Førskolelærer(2 weeks ago)
Job Description
Published 01-10-2024
Deadline: 22-10-2024
Ølensjøen FUS barnehage søkjer pedagogisk leiar
Me i Ølensjøen er på leit etter engasjerte pedgogisk leiar. Med bakgrunn i auka barnetal frå nyttår treng me fleire medarbeidarar på laget. Ta kontakt ved spørsmål, intervju med interessante søkjarar blir halde fortløpande.
Hva vi ser etter
Me veit at tida i barnehagen har stor innverkand på helse, utvikling og læring, og me har derfor forventningar til våre medarbeidarar. Kjenner du deg igjen?
Er du involvert? Engasjerer du deg, får du ting til å skje og støttar andre? Samarbeider du med andre? Snakkar du med barn på open, ærleg og tydeleg måte?
Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søkjer du faglege råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer du av andre?
Er du reflektert? Er du bevisst di rolle som vaksen og barnet si rolle? Evnar du å sjå deg sjølv og utfordrande kvardagssituasjonar i eit bredt perspektiv? Finn du løysingar på utfordringar?
Ja? Du er du FUS!
Me ønsker at du:
-
Er involvert, verdset kunnskap og er refektert (FUS)
-
Veit at barna har noko å lære av deg som menneske
-
Er utdanna barnehagelærar, evt har anna pedagogisk kompetanse
-
Likar å væra ute, leike og være på tur med barn
-
Har eit godt norsk språk
Søkjar vil bli vurdert i forhold til personlege eigenskapar, i tillegg til kompetanse og erfaring. FUS har eit mål om å væra ein barnehage prega av mangfald – me ønsker derfor også at menn skal søkje på denne stillinga. Tilsetjinga krev godkjent politiattest med heimel i barnehagelova som må leverast før eventuell tilsetting i stillinga.
Arbeidsoppgaver
-
Dagleg leiaransvar og overordna administrativt og pedagogisk ansvar for sin avdeling
-
Ansvar for å gjennomføre og synleggjera pedagogisk utvikling på sin avdeling
-
Væra ein del av barnehagen sitt leiarteam
-
Sjå barnehagen som ein heilskap og ha omsorg for alle barn
Vi tilbyr
-
Variert arbeid i eit positivt miljø
-
Godt samarbeid med andre FUS barnehagar i eit av dei største private barnehagenettverka i Norge
-
Stort fagmiljø med intern kompetanseutvikling
-
Høve til å væra med å utvikle barnehagen
-
Kokk som lagar måltider
-
Ordna tilsettingsforhold
-
Eigne FUS-klede
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Ølensjøen FUS barnehage as orgnr: 987017422 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Ølensjøen FUS barnehage ligg plassert i Ølen sentrum og er ein del av FUS-kjeden som er ein av Norges største barnehagekjeder. I FUS er kvardagen prega av glødande, tilstadeværande og engasjerte personale som gi barna ein skapande kvardag. I Ølensjøen legg me vekt på friluftsliv og naturopplevingar, med FUS-bussen kjem me oss rundt til mange spanande turmål. Det er mange språk og kulturar representert i barnegruppene, språkarbeid og mangfald står derfor sentralt i vårt arbeid. |
Webside | https://fus.no/olensjoen |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Førskolelærer |
Sted | ØLEN (Adresse: Litlehagen 4 Postnr: 5580) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 02-01-2025 |
Søknadsfrist | 22-10-2024 |