This job has Expired

Oversykepleier – Bryneheimen

Health and nursing Oversykepleier

(9 months ago)

  • Norge, Bryne
  •  Post Date: 30. September 2019
  •  Expire date: 15. October 2019
Job Description

Published 30 Sep 2019 00:50:02
Deadline: Unknown






Bryneheimen

Hognestadvegen 41
4340 BRYNE
Telefon: +47 958 09 531
Web: https://rekruttering.time.kommune.no/recruitment/opening?1

“Me skal gjera kvarandre gode” er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, tilsette, besøkjande og næringsliv.
Time kommune har 18 800 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Sjukepleiarar / vernepleiarar til Bryneheimen

Me søkjer

Sjukepleiarar / vernepleiarar i 80-100 % fast stilling dag/kveld med arbeid kvar tredje helg eller langvakter kvar fjerde helg. Me oppmodar sjukepleiarar med spesialutdanning innan eldreomsorg å søkje.

Me treng sjukepleiarar / vernepleiarar som ønskjer høg grad av fagleg utvikling og som likar varierte utfordringar.

Om arbeidsplassen

Bryneheimen ligg i Bryne sentrum med gangavstand frå togstasjonen. Bryneheimen har plass til 58 pasientar fordelt på to etasjar som igjen er delt inn i tre fløyer. Alle fløyene er langtid, med eit stort spenn av faglige utfordringar. Det er hovudsakleg innan somatikk, men også noko psykiatri.

I første etasje har me også ein demensavdeling. I demensavdelinga er det fokus på miljøterapi og personsentrert pleie. Det er knytt sjukeheimslege i 40% stilling til institusjonen, men det er planlagt auke i legedekninga i løpet av

    • Du får arbeida i eit tverrfagleg miljø, med fokus på nytenking, kvalitet og brukarmedverknad. Institusjon i Time kommune har eigen fagutviklar, som har fokus på kompetanse, pasientsikkerheit og kvalitet.


    • Me tilbyr


      • Ein spanande arbeidsplass


      • Variert arbeidsplass med moglegheit for fleksibilitet i arbeidstid, stillingsstorleik og fagleg oppdatering


      • Samarbeid, kompetanse og kvalitet


      • Gode stipendordningar om du tenkjer på vidareutdanning


      • Helsefremmende turnus


      • Godt arbeidsmiljø med fokus på det sosiale


      • Bedriftsidrettslag og bedriftskunstforeining

      Om arbeidsoppgåvene


      • Det er viktig at du kan samarbeida med pårørande og oppmuntra til brukarmedverknad


      • Samarbeida tverrfagleg og gje veiledning


      • Du må lika å arbeida både sjølvstendig og i team


      • Ha god innsikt, tryggleik og engasjement for sjukepleiarfaga


      • at du liker utfordrande arbeidsoppgåver med spesiell fokus på miljøarbeid og aktivitet for våre pasientar

      Kvalifikasjonar


      • Det er nødvendig at du har gode norskkunnskap munnleg og skriftleg


      • Dokumentasjon er viktig, derfor må du ha gode datakunnskap


      • Du må kunne jobbe sjølvstendig og være ansvarsbevisst


      • Er fleksibel og strukturert


      • Har god fagleg innsikt og tryggheit


      • Kunne delegera og prioritera


      • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner


      • At du er positiv og har engasjement for sjukepleiaryrket


      • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

      Andre krav

      Søkjarar som har anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg vidaregåande skule, må minimum ha fått bestått på Bergenstesten, eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må vedleggjas intervjuet.

      Då det er utlyst fleire stillingar samtidig er det viktig at du presiserer kva stilling du primært er interessert i.

      Elektronisk søknadsprosess

      Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

      Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

      Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

      Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

      Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-09-91 (Oppgis ved kontakt med NAV) Kilde: Overført fra PAM annonsemottak
Medium: Finn

Sjukepleiarar / vernepleiarar til Bryneheimen for Bryneheimen

 

https://tjenester.nav.no/stillinger/stilling?p=0&rpp=20&rv=al&sort=akt&ID=10142183

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bryneheimen
Bransje Helse- og pleiearbeid]
Yrke Oversykepleier
Sted Bryne (Postnr: 4340)
Stillingstype Unknown
Krav Unknown
Søknadsfrist Unknown