Job Description

Published 04-04-2021
Deadline: 14-04-2021

 

Seniorkonsulent (FS) ved fakultetets studieseksjon

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent 

Ved Det samfunnsvitskaplege fakultet er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent i Studieseksjonen, med særs ansvar for Felles studentsystem (FS), studiekvalitet, statistikk og rapportering.

Studieseksjonen har det administrative ansvaret for koordinering, kvalitetssikring og utvikling av fakultetet sine studieprogram på bachelor-, master- og doktorgradsnivå, og gi råd og leiarstøtte i utdanningssaker ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Dette betyr blant anna rutineutvikling, strategisk arbeid og driftsoppgåver knytt til arbeid med studentinformasjon, utveksling, eksamen, opptak og tilrettelegging av studier.

Arbeidsoppgåver:

  • Studieadministrativ arbeidsstøtte til fagmiljøa.
  • Fakultetets kontaktperson og superbruker i Felles studentsystem (FS).
  • Sakshandsaming og kvalitetssikring av studieplanar, utdanningsplanar og emneomtalar for fakultetet sine studieprogram.
  • Inngå i teamet for timeplansarbeidet ved fakultetet og brukarstøtte for timeplanleggingssystemet (TP).
  • Studieadministrativ sakshandsaming.
  • Utvikle og bistå i å fremskaffe statistikk og analyse til institutt og ledelse ved fakultetet

Den som blir tilsett må være førebudd på at arbeidsoppgåvane kan endras.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad. Relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant studieadministrativ praksis.
  • God administrativ IT-kompetanse.
  • Erfaring med FS vil vere ein føremon
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Gode evner til å formidle tall og statistikk vil vere ein føremon
  • Evne til å være fleksibel, ansvarlig og imøtekommande
  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som seniorkonsulent i lønssteg 56-60 (kode 1363) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida 498 800 – 535 200 kroner. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

For utfyllande opplysningar om stilling kontakt studiesjef ved det samfunnsvitskapelege fakultetet: kirstine.kolsrud@uib.no, eller seksjonsleiar for HR Bjørn Arild Petersen: bjorn.petersen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Om Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Webside https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted BERGEN (Adresse: postboks 7802 Postnr: 5020)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 14-04-2021


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/203c51c5-26ae-43be-a85b-a845085965b3
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/203678

Ledig stilling: Seniorkonsulent (FS) ved fakultetets studieseksjon - Universitetet i Bergen