This job has Expired

Sfo-leiar 50 % fast stilling – Giske kommune, Godøy skule

Education Kindergarden

(5 months ago)

  • GODØYA
  •  Post Date: 14. February 2020
  •  Expire date: 4. March 2020
Job Description

Published 14-02-2020
Deadline: 04-03-2020






Sfo-leiar 50 % fast stilling

Org. nr: – Stillingsident: 4193878803 Presentasjon av stillingen:

Godøy skule har ledig minimum 50 % fast stilling som Sfo-leiar frå 01.08.2020.

Skulen har om lag 220 elevar og er ein 1-10 skule, der 1.-4. klasse har lokalitet på Alnes og 5.-10. klasse er lokalisert på Godøya.

Framtidig skulestruktur er under vurdering og kan bli endra.

Vi søkjer ein engasjert medspelar som kan skape eit godt og innhaldsrikt sfo-tilbod.

Stillinga kan ev. kombinerast med stilling i skulen.

Dokumentasjon på utdanning skal skannast som vedlegg til søknaden.

I tillegg til formell utdanning og praksis, blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for dagleg drift
  • Ansvar for vikarar ved sjukdom / fråvære
  • Utvikling og planlegging av sfo-tilbodet.
  • Personaloppfølging i samarbeid med rektor

Kvalifikasjonar

  • Vi ønskjer primært søkjarar med pedagogisk utdanning, men personar med anna relevant utdanning kan også søkje
  • Helst erfaring frå liknande type arbeid
  • Må beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Leiareigenskapar
  • Evne til å skape gode relasjonar og tillit til barn, føresette og tilsette
  • Evne til sjølvstendig arbeid, men òg samarbeide godt med andre
  • Interesse for og vilje til utviklingsarbeid
  • Evne til engasjement og løysingsvilje
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God digital kompetanse

Vi tilbyr

  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Eit godt arbeidsmiljø med gode og støttande kollegaer

Kontaktinformasjon

Oddfrid Reinlund, Konst. einingsleiar / rektor, 480 23 464

Arbeidsstad

Gøymyrane 122
6055 Godøya

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgjevar:Giske kommune

Referansenr.:4193878803
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 04.03.2020

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Giske kommune, Godøy skule orgnr: 997862279
Kort om arbeidsgiver

Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage
Sted GODØYA (Adresse: Gøymyrane 122 Postnr: 6055)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse 01-08-2020
Søknadsfrist 04-03-2020


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d1fe66b0-48ea-49d5-a733-75040aa2bde3
XML_STILLING

Ledig stilling: Sfo-leiar 50 % fast stilling - Giske kommune, Godøy skule