Sosionom – Seksjon psykose og tryggleik, Helse Førde

Education SFO, barne- og fritidsleder

(6 days ago)

  • FØRDE
  •  Post Date: 12. October 2021
  •  Expire date: 24. October 2021
Job Description

Published 12-10-2021
Deadline: 24-10-2021

 

Sosionom

Psykiatrisk klinikk har ledig 50% vikariat som sosionom ved seksjon psykose og tryggleik i Førde.

Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga psykiatrisk klinikk har 15 psykologspesialistar/psykologar.

Seksjon psykose og tryggleik er delt i to fysisk adskilte døgnpostar, der lokal tryggleikspost er ein sjukehusfunksjon og DPS døgn psykose er ein del av distriktspsykiatrisk senter med opptaksområde Sunnfjord og Ytre sogn.

DPS døgn psykose har 8 døgnplassar og er ein spesialisert post for pasientar med psykoselidingar. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med stort fokus på miljøterapi, der trening og aktivitetsavdeling samarbeidar med primærteamet. Tilsettegruppa består hovudsakeleg av sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, også med vidareutdanning psykisk helsevern. Posten vil ha tett samarbeid med familie/pårørande, poliklinikk, sjukehus og kommunehelsetenesta.

Lokal Tryggleikspost har 3 døgnplassar og er ein sengepost for personar med alvorleg sinnsliding, der det også er ein betydeleg risiko for vald. Ein tar imot pasientar både på frivillig og tvungen psykisk helsevern, inkludert pasientar som har dom på overføring til tvungen psykisk helsevern.

I tillegg til å yte psykiatrisk behandling vil nokre sentrale oppgåver vere å vurdere og handtere risiko for vald. Vårt mål er å gi pasientane muligheit til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen, samtidig som vi ivaretek vårt ansvar for samfunnsvernet. Dette gjer vi gjennom fagleg behandling og arbeidsform der miljøterapautisk rehabilitering blir vektlagt. I tillegg gir den fysiske utforminga av nytt sykehusbygg ei god og sikker ramme for arbeidet.

Arbeidsoppgåver

  • Sosionom deltek i det tverrfaglege arbeidet med utgreiing, behandling og rehabilitering og skal i særleg grad ivareta det sosialfaglege og psykososiale feltet.
  • Sosionom utfører arbeidet i samråd med pasient, individualterapeut og primærteamet elles.
  • Sosionom skal representere spisskompetanse i sosialfaglege spørsmål, samt samarbeide med kommunane i og om pasientar som treng bistand i sosialfaglege spørsmål.
  • Undervise, rettleie og orientere andre tilsette om sosialfaglege rettar knytt til sosiallovgjevinga, både eiga faggruppe og andre.
  • Opprette og halde kontakt med NAV kontor og hjelpeapparat i kommune, samt være spesielt merksam på foreldre si omsorgsevne der innlagde pasientar har barn.
  • Arbeide med sosialfaglege problemstillingar knytt til pasientar for å avdekke trong for bistand i trygdespørsmål og rettar knytt til desse.

Kvalifikasjonar

  • Du må ha utdanning som sosionom
  • Er ønskjeleg at du har relevant erfaring, helst frå arbeid med sosiale tenester / Nav og/eller psykiatri
  • Må ha førerkort klasse B
  • Søkjar må kunne kommunisere godt både norsk skriftleg og munnleg
  • Vi oppmodar sosionom med godkjent klinisk kompetanse å søkje

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team og er pasientorientert
  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Bidra positivt til eit fagleg og godt kollegialt miljø
  • Gode evner til å kommunisere, samarbeide og til å tenkje heilskapleg

Vi legg vekt på personlege eigenskaper

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskjeleg

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Contacts

Marianne Engh Strandos, Seksjonsleiar, (+47) 975 22 519

Location

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Apply for position:Click here

Key information:

Employer:Helse Førde

Reference number:4430964410
Percentage of full-time: 50%
Vikariat
Start date: 03.01.2022
End date: 21.08.2022
Application deadline: 24.10.2021

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Seksjon psykose og tryggleik, Helse Førde orgnr: 976247493
Kort om arbeidsgiver

«Nye Førde sjukehus» er det største byggeprosjektet sidan Førde sjukehus vart bygd i 1979, og skal ruste sjukehuset for framtida. Helse Førde vil få eit moderne og brukartilpassa sjukehus som skal yte tenester av god kvalitet til innbyggarane i Sogn og Fjordane. Prosjektet har ei økonomisk ramme på NOK 1,6 mrd. og blir gjennomført stegvis som fleire delprosjekt. Når prosjektet er i mål, har vi eit nytt bygg for psykisk helsevern og somatikk. Eksisterande areal, m.a. poliklinikkar, dagbehandling, sengepostar, operasjonsareal og sterilsentral, medisinske støttefunksjonar, er ombygde og oppgraderte. Nye Førde sjukehus er eit samansett, utfordrande og kreativt prosjekt.

Webside
Bransje Utdanning
Yrke SFO, barne- og fritidsleder
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 03-01-2022
Søknadsfrist 24-10-2021


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ba7e8ab6-bb26-46c1-bca1-b2719b8f852e
XML_STILLING

Ledig stilling: Sosionom - Seksjon psykose og tryggleik, Helse Førde