Spiren Gardsbarnehage søkjer barnehagelærar/pedagog i vikariat frå september 25- mai 26 – Spiren Gardsbarnehage Sa
Utdanning Barnehagelærer(2 weeks ago)
Job Description
Published 30-04-2025
Deadline: 21-05-2025
Spiren Gardsbarnehage søkjer barnehagelærar/pedagog i vikariat frå september 25- mai 26
Spiren Gardsbarnehage SA er ein privat, Steiner-inspirert barnehage som ligg midt på gardstunet til Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland. Spiren har 24 plassar, frå 0-6 år. Vi held til i eit gamalt sjarmerande trehus, og har fjord, fjell og skog som næraste naboar. Vi følgjer årstidene og livet på garden, og er mykje ute i naturen. Vi et økologisk mat, og mykje av maten kjem rett frå garden. Vi har årstidsfestar som til dømes Mikkelsmesse, Lanternefest, Adventshage og Solfest. Årstidsbordet speglar året sin gang.
Vi søkjer ein pedagog i fullt svangerskaps-vikariat med tiltreding i september 2025 og til mai 2026, med eventuelt mogelegheit for forlenging.
Spiren er medlem i Private Barnehagers Landsforbund, og følgjer deres tariff og pensjonsavtalar.
Det er krav om gode norskkunnskapar og framvising av gyldig politiattest før tilsetting.
For meir informasjon: http://sjh.no/livet-pa-skulen/gardsbarnehage/ eller spiren.barnehage@gmail.com
Dette er ein jobb for deg som ynskjer å arbeida med natur og gardsrelaterte aktivitetar i lag med barna. Aurland er ei lita bygd med eit ungt miljø, og kan by på fantastiske turmoglegheitar for dei som likar det.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Spiren Gardsbarnehage Sa orgnr: 974190079 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Spiren Gardsbarnehage SA er ein privat, Steiner-inspirert barnehage som ligg midt på gardstunet til Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland. Spiren har 24 plassar, frå 0-6 år. |
Webside | http://sjh.no/livet-pa-skulen/gardsbarnehage/ |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Barnehagelærer |
Sted | AURLAND (Adresse: Skulevegen 28 Postnr: 5745) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 08-09-2025 |
Søknadsfrist | 21-05-2025 |