Denne stillingen har utløpt

Psykologspesialist – Oppvekst

Health and social care Psykologer og terapeuter

(1 måned siden)

  • NORHEIMSUND
  •  Lagt til dato: 26. februar 2020
  •  Expire date: 10. mars 2020
Stillingsbeskrivelse

Published 26-02-2020
Deadline: 10-03-2020






Psykologspesialist

Org. nr: – Stillingsident: 4198280831 Presentasjon av stillingen:

Vil du vera med å utvikla laget rundt barn og unge i kommunen vår?

Kvam herad ønskjer å bruka psykologkompetanse på ulike nivå (individ- organisasjons- og samfunnsnivå) som kan medverka til å utvikla gode tenester til innbyggjarane. Tverrfagleg samarbeid står i fokus for å bidra til heilskap og samanheng i tenestetilboda.
No treng me ein psykologspesialist som vil vera ein del av eit større tverrfagleg samarbeid. Stillinga skal vera organisert i PP-tenesta. Kommunen har to andre psykologstillingar, ein som primært arbeider inn mot barn unge, organisert i Familiesenteret, og ein som er organisert i avd Rus og Psykisk helse med vaksne som si primære målgruppe.

PPT er ei av fleire tenester under Kvam Familie- og Læringssenter (KFL) som har følgjande visjon – «Heilskapleg blikk – felles ansvar». Kommunen har over fleire år jobba med felles forståing, strategiar og kultur for å konkretisera visjonen, både politisk og på tenestenivå. Som psykolog i Kvam herad vil du få nytta psykologkompetanse på viktige arenaer for barn og unge, og bidra til system- og tenesteutvikling. PPT er ein sentral aktør i organisasjonsutvikling og systemarbeid i barnehage og skule, og har tett samarbeid med familiesenter, barnevern og skulehelsetenesta i tillegg til barnehage og skule. PPT er mykje ute i barnehage og skule der dei samarbeider med dei andre tenestene. Gjennom interne støttesystem i barnehage og skule, får mange av barna/elevane tidleg hjelp når dei treng det, utan krav om sakkunnig vurdering. Det reduserer graden av spesialundervisning og gjev handlingsrom for å kunna jobba med kompetanseutvikling og rettleiing inn mot barnehage og skule.

Kvam er i gang med fleire utviklingprosjekt knytt til sårbare barn og unge, i samarbeid med ulike direktorat, kompetansesentra og spesialisthelsetenesta som bidragsytarar og rettleiiarar. Kvam er m.a ein av fem kommunar i Norge som jobbar på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet for å laga nasjonale føringar på korleis ein skal møta utsette barn og unge som har det vanskeleg. Tenestene i KFL, saman med barnehage og skule, har eit sterkt fokus på at «barn er ikkje vanskeleg, dei kan ha det vanskeleg». Dette skal gjennomsyra vårt barne- og elevsyn og våre bidrag inn mot barnehage og skule. Me har eit sterkt systemperspektiv, og tru på at tenestene ilag kan vera med å bidra til gode oppvekstforhold for barn og unge i kommunen.

Arbeidsoppgåver

Samarbeid med barnehage, skule og alle tenestene i Kvam familie- og læringssenter og eksterne samarbeidspartar.

Individarbeid: Korttidsbehandling og samtalar med born/unge som har det vanskeleg, oppfølging/rettleiing av barnehage, skule og føresette til born som har det vanskeleg, kartlegging av vanskar og sakkunnig arbeid.

Systemarbeid : Kompetanseutvikling, tenesteutvikling og tverrfagleg samarbeid

Eit særleg førebyggande perspektiv, der målet om gode oppvekstvilkår og meistring for born og unge skal styra dine bidrag.

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som psykolog.
Psykologspesialist innan samfunns- og allmennpsykologi eller barn og unge
Psykologar under spesialisering kan også søkja
Erfaring frå systemarbeid, organisasjonsutvikling og arbeid med barn, unge og familiar
God skriftleg og munnleg formidlingsevne
Evne til å ta initiativ og arbeida førebyggjande
Eit sterkt samfunnsperspektiv og engasjement, der du ynskjer å arbeida både på systemnivå og individnivå
Sertifikat og bør kunna disponera eigen bil

Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.

Personlege eigenskapar

Du kan rettleia andre og gjera andre gode

Du møter kvart barn og ungdom med respekt og interesse

Du bidreg aktivt i samarbeid med andre og har evne til å tenkja systemretta

Du er innovativ og open for endringar og positiv utvikling

Du klarar å jobba ut mot og saman med ulike tenester og samarbeidspartnarar på ulike nivå.

Du er serviceinnstilt, vennleg og imøtekommande

Du kan arbeida sjølvstendig og strukturert, men samtidig arbeida aktivt i tverrfagleg samarbeid.

Du har pågangsmot og klarar å jobba med til tider stort arbeidspress

Vi tilbyr

  • Eit positivt tverrfagleg arbeidsmiljø med solid fagleg kompetanse og stort engasjement
  • Inspirerande og forskingsbasert utviklingsarbeid i kvam Familie- og læringssenter og i samarbeid med skular og barnehagar i Kvam
  • Varierte arbeidsoppgåver på individ- og systemnivå
  • Spesialisering og veiledning etter behov
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Nye og moderne kontorlokale, samlokalisert med barnevern, familiesenter,fysioterapitenesta for barn og unge og barnehage og skuleeigar.

Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Kontaktinformasjon

Gunvor Frantzen Ulltang, Leiar PPT for Kvam, kommunelogopeden og støtteteam for barnehagar, 915 24 602

Arbeidsstad

Grovagjelet 16
5600 Norheimsund

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgjevar:Kvam herad

Referansenr.:4198280831
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 10.03.2020

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Oppvekst orgnr: 974577356
Kort om arbeidsgiver

Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen – eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular . Norheimsund er regionsenteret i kommunen og vart i 2013 tildelt <>. Her kan du oppleva <>, handlegate, strandveg og bystrand. Les meir

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Psykologer og terapeuter
Sted NORHEIMSUND (Adresse: Grovagjelet 16 Postnr: 5600)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2020
Søknadsfrist 10-03-2020


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1edeaf0c-edff-47cc-81bf-ab03cb581930
XML_STILLING

Ledig stilling: Psykologspesialist - Oppvekst