Ledig stilling: Sykepleier – VESTNES KOMMUNE MARIEBO

Select rough translation.

Denne stillingen har utløpt

Stillingsbeskrivelse

Published 05 Jan 2019 08:14:03 +0100Deadline: Unknown

VESTNES KOMMUNE MARIEBO

6390 VESTNES

Hellandtunet består av tre frittliggande avdelingar; Mariebo og Oppigarden med totalt 16 plassar for personar med demens, og Ivartun som er ein sjukeheim for personar med psykisk utviklingshemming, med 12 plassar. Avdelingane har god fagleg standard og god kvalitet på tenestene.Avdelingane ligg i idylliske område med kort avstand til sentrum. Ein har også lett tilgang til turområde og diverse aktivitetar.

Sjukepleiar – 80 % fast stilling – Mariebo

Stillingstype

Ved Mariebo er det ledig 80 % fast stilling for sjukepleiar. Arbeid inngår i turnus vakter på dag/kveld/ og 3. kvar helg.

Arbeidsstad

Mariebo er ei tilrettelagt avdeling for personar med demens, som ligg i til knyting til sansehagen. Eininga ligg i nærleiken av Vestnes sentrum.

Arbeidsoppgåver

  • sjukepleiefagleg oppgåver i tråd med rutiner og retningsliner
  • tverrfagleg samarbeid
  • rettleiingsansvar
  • ivareta krav i høve dokumentasjon

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter deg som er offentleg godkjent sjukepleiar. Det er ønskelig med videreutdanning i innen demens. Det er ein fordel
om du har erfaring frå arbeid innan arbeid med demente. Vi legg vekt på miljøarbeid.- offentleg godkjent sjukepleiar

  • du må ha kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga
  • datakunnskap
  • relevant praksis
  • beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
  • må ha god kommunikasjonsevne

Personlege eigenskapar

  • er stabil og fleksibel
  • fagleg engasjert
  • har godt humør og vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
  • ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • det vert vektlagt at ein er personleg eigna

Vi tilbyr

  • godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • løn i høve gjeldande avtaleverk
  • kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
  • pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale
  • fagleg utvikling etter kompetanseplan
  • tilsette i sjukepleiarstilling ved Mariebo som har mindre enn 10 år ansiennitet får godkjent inntil 10 års ansiennitet, årsløn pr. dato kr 446 800,-

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referanser

Oppgi referanser.

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentliggjort.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1535-2019-01-12 (Oppgis ved kontakt med NAV) Kilde: Overført fra PAM annonsemottak
Medium: Webcrawl

Sjukepleiar – 80 % fast stilling – Mariebo for VESTNES KOMMUNE MARIEBO   https://tjenester.nav.no/stillinger/stilling?p=0&rpp=20&rv=al&sort=akt&ID=9952654  

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver VESTNES KOMMUNE MARIEBO Bransje Helse- og pleiearbeid] Yrke Sykepleier Sted Vestnes (Postnr: 6390) Stillingstype Unknown Krav Norskkunnskaper Søknadsfrist Unknown

See in - English

A0

Om