Stillingsbeskrivelse

Published 29-04-2024
Deadline: 20-05-2024

 

100% vikariat med mulighet for fast tilsetting som styrar ved Syvde barnehage

Stillinga som styrar er ledig frå 1. august 2024. Stillinga er eit års vikariat med mulighet for fast tilsetting.

Syvde barnehage er ein barnehage med to avdelingar. Barnehagen har 32 barn og ca. 13 tilsette. Barnehagen har fokus på tidleg innsats og har inkluderande barnehagemiljø og språk (ASK) som satsingsområde. I barnehagane i Vanylven har pedagogane oppdekt plantida si i tillegg til ein ekstra planleggingsdag.

Arbeidsoppgåver

Til å leie og vidareutvikle Syvde barnehage søkjer vi etter ein samlande og motiverande leiar, som gjennom eit tydeleg og inkluderande leiarskap medverkar til eit utviklande og godt pedagogisk og arbeidsmiljø. Du er utviklings- og løysingsorientert, har eit stort samfunnsengasjement og eit sterkt ynskje om å bidra til å vidareutvikle gode tenestetilbod for barn og unge.

Vi ønsker ein person med interesse og engasjement for barnehageutvikling og med ambisjonar om å være med å skape ein enda betre barnehage i Vanylven.
Vi søkjer ein person med godkjend pedagogisk utdanning, erfaring frå barnehage og som leiar. I tillegg ser vi gjerne at du har tilleggsutdanning i barnehageleiing/administrasjon og leiing/personalleiing. Stillinga inneber fullstendig driftsansvar i samsvar med tildelte fullmakter. Styrar rapporterer til kommunalsjef for kultur og oppvekst og sit i kommunalsjefen si leiargruppe.

Kvalifikasjonar

  • God barnehagefagleg kompetanse
  • Godkjent utdanning som førskulelærar
  • Bør ha utdanning og/eller erfaring frå leiing i barnehagefeltet
  • Praksiserfaring frå barnehagesektoren
  • Gode digitale ferdigheiter
  • God kjennskap til relevant lov- og avtaleverk
  • God kunnskap om budsjett- og økonomiarbeid
  • God munnleg og skriftleg framstillingsemne

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • God på utviklingsarbeid
  • Evne til å motivere og engasjere
  • Strukturert og planmessig
  • Sjølvstendig og initiativrik
  • Imøtekomande og omgjengeleg
  • Veremåte som medverkar til eit godt omdøme for Vanylven kommune
  • Trivast med å ha mange utfordrande arbeidsoppgåver
  • God kjennskap til og erfaring med bruk av IKT

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar
  • Gode pensjonsordningar
  • Lønn etter avtale
  • Aktivt og godt arbeidsmiljø
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Flexitid
  • Erfaringsdeling og god oppfølging
  • Gode forsikringsvilkår
  • 15% nedbetaling av studielån kvart år for tilsette i høgskulegruppa som flyttar til/bur i kommunen, inntil kr. 28.000, – pr. år.

Vikariatet som styrar med mulighet for fast tilsetting ved Syvde barnehage er ledig frå 1. august 2024 og varer til 31.07.25.

Opplysningar om stillinga får du med Kommunalsjef KUOP Janne Kristin Torvanger, tlf. 45 25 75 21 eller Kommunedirektør Andreas Chr. Nørve, tlf. 92 84 78 03.

Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. God pensjonsordning. Gjer vel å oppgje referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Søknadsfrist: 20.mai 2024.

Kontaktinformasjon

Andreas Chr Nørve, Kommunedirektør, 92847803, andreas.norve@vanylven.kommune.no
Janne Kristin Torvanger, Kommunalsjef kultur og oppvekst, +47 45257521, janne.kristin.torvanger@vanylven.kommune.no

Arbeidsstad

Primær Fylkesveg 652 10
6140 Syvde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune

Referansenr.: 4806101884
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 20.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar. 

Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar. 
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar. 

Velkomen til å søkje hjå oss! 

Webside http://www.vanylven.kommune.no
Bransje Håndverkere
Yrke Vaktmester
Sted SYVDE (Adresse: Primær Fylkesveg 652 10 Postnr: 6140)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2024
Søknadsfrist 20-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/eb984d53-cb10-48d6-a717-0a41c30af3fd
IMPORTAPI