2. maskinist i sambandet Arsvågen-Mortavika – Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS

Transport og lager Sjofart

(2 uker siden)

  • BOKN
  •  Lagt til dato: 23. april 2024
  •  Expire date: 9. mai 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 23-04-2024
Deadline: 09-05-2024

 

2. maskinist i sambandet Arsvågen-Mortavika

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har ledig opplæringstilling som 2. maskinist for å kunne løyse ut høgare sertifikat på sambandet Arsvågen – Mortavika. Ein må pårekne å tjenestegjøre på flere fartøy på sambandet. 

Flott stilling for å opparbeide fartstid med varierte arbeidsoppgaver!

Skiftordning: Sjøvaktordning – 2 veker på og 2 veker av.

Ein bur ombord i vaktperioden, og får dekt reisekostnader til/frå arbeid.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Arbeidsoppgåver

  • Gjere seg kjend med sikkerheitsstyringssystemet (ref. utsjekksliste)
  • Gjere seg kjend med utstyr og rutinar i samsvar med «Fartøyhåndbok»,
    «Opplæringshåndbok for redningsutstyr», samt andre handbøker som gjeld
    stillinga
  • Gjere seg kjend med beredskapsfunksjonen i samsvar med «Alarminstruks»
  • Gjere seg kjend med verne- og miljøarbeid, samt bruk av verneutstyr
  • Utføre maskinvakt og førefallande arbeid om bord
  • Sørge for reinhald og brannforebygging innanfor sitt ansvarsområde og at kjemikalium vert handtert etter prosedyre/forskrift

Kvalifikasjonar

  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Ferdighetssertifikat Motormann
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Ferdighetssertifikat vidaregåande IGF
  • Gyldig helseattest

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Godt humør

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Gode velferdsordningar
  • Sjøvakt: 2 veker på, 2 veker av
  • Fjord1 dekkar reisekost til/frå fartøy

Kontaktinformasjon

Elisabeth Wassberg Apalseth, Bemanningskoordinator, +47 90282072

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 4805071045
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS orgnr:
Kort om arbeidsgiver Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.

Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.

Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.

Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Webside http://www.fjord1.no
Bransje Transport og lager
Yrke Sjøfart
Sted BOKN (Adresse: Postnr: 5561)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 09-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0b27be02-04e6-492e-af19-1b594609aa2e
IMPORTAPI