2 stillingar à 100% som lærar ved Odda barneskole – Ullensvang kommune Odda barneskule
Education Grunnskole(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 18-04-2024
Deadline: 05-05-2024
2 stillingar à 100% som lærar ved Odda barneskole
2x 100% fast stilling – med oppstart 01.08.2024 eller etter avtale
Odda barneskole er ein barneskule, 1.- 7. trinn, med 350 elevar og 70 tilsette. Skulen ligg i sentrum av Odda og skuleplassen er ein viktig arena for born og unge som bur sentralt, også i fritida. Skulen er organisert med tre parallellklassar på kvart trinn, med eit SFO- team som er delt i to basar. Administrasjonen består av rektor, to avd.leiarar, SFO- leiar og merkantil, og i tillegg har skulen sosiallærar i ein mindre delstilling. Personalet består elles av lærarar, fagarbeidarar, assistentar og miljøterapeutar.
Arbeidsoppgåvene kan innebera:
- undervisning i klassegruppe
- undervisning med enkeltelev eller lita gruppe
- samarbeid med lærarar på team
- samarbeid med assistentar og miljøterapeutar
- kontaktlærarfunksjon
Ynskte kvalifikasjonar:
- Skriftleg og munnleg norskkunnskap
- godkjend lærarutdanning
- det vil vera ein fordel om du har kompetanse i blant anna desse faga: norsk, matematikk, engelsk, musikk, kunst og handverk og spes.ped.
- søkjarar med annan relevant utdanning kan bli vurdert
Vi ser etter deg som:
- likar å arbeida med barn og unge
- er sjølvstendig
- har gode samarbeidsevner og god relasjonskompetanse
- likar arbeid i høgt tempo og med raske endringar
Vi tilbyr:
- Interessant og spennande arbeid med barn og unge
- Dyktige, positive og løysingsorienterte kollegaer
- Lærerike arbeidsdagar i høgt tempo
- Lønn etter hovudtariffavtalen
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO