Stillingsbeskrivelse

Published 25-04-2024
Deadline: Snarest

 

50% stilling Butikkmedarbeidar

1 ledig stilling 50% som butikkmedarbeidar ved Joker Byrknesøy

  • Glad i menneske og ein god prat?
  • Godt humør og set pris på ein god kommentar?
  • Likar at det skjer noko og at dagane er varierte?
  • Tek initiativ og kan arbeide sjølvstendig?

Hva vi ser etter

Det er fint om du har bakgrunn frå butikk, men dette er ikkje noko krav, det viktigaste er at du er sjølvstendig, har arbeidsglede og likar menneske.

Me syter for god opplæring og gir deg også moglegheit til å ta fagbrev som butikkmedarbeidar — salsfag.

Arbeidsoppgaver

  • Du likar å skape gode kundeopplevingar, hjelper kundane med handelen når det trengst, slår av ein prat og har alltid eit smil å gje.

  • Syter for at varene kjem i hyllene.

  • Ekspedering av varer, hjelper dei som vil prøve lykka hos Norsk Tipping, – eller har behov for å hente ut apotekvarer.

Og det viktigaste; at du vil vere ein del av Byrknes Landhandleri, og arbeide saman med oss for å komme i mål med oppgåvene.

Vi tilbyr

Butikken har opningstider frå morgon til kveld, og laurdag 09 — 18, så du må kunne jobbe både dag, ettermiddag og helg, (3. kvar laurdag). Me blir einige om turnus i fellesskap.

Det er moglegheit for å auke stillingsprosenten etter kvart.

Løns -og pensjonsvilkår: Me følgjer sjølvsagt tariff.

Me ynskjer like gjerne å høyre frå deg som er 18 og vurdere vegen vidare i arbeidslivet, som du som er ung pensjonist og syns det er kjekt å fylle dagane med noko,- og elles, – alle deke midt i mellom.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Byrknes Landhandleri As orgnr: 981306945
Kort om arbeidsgiver

Byrknes Landhandleri er ein sånn butikk du berre finn <> med alt frå ferskt brød og melk, gåveartiklar til store og små, – og har du gløymt regntøyet til båtturen, så finn du jammen det også. Butikken er samlingspunkt i kvardagen, ein stad å ete middagen din, forsamlingslokale for livshendingar, både glade og triste, og ikkje minst, primus motor for ulike aktivitetar gjennom året.

Webside https://www.blh.no
Bransje Salg og service
Yrke Salg, butikk- og varehandel
Sted BYRKNESØY (Adresse: søre garden 4 Postnr: 5970)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist Snarest


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0fbd7817-bac5-4cec-a7a7-a0e9598b266f
Stillingsregistrering