Stillingsbeskrivelse

Published 24-04-2024
Deadline: 12-05-2024

 

Apotekteknikar

Ynskjer du varierte arbeidsoppgåver i eit bredt fagleg miljø? 
Sjukehusapoteket i Førde er eit relativt lite sjukehusapotek med 30 ansatte; 15
farmasøytar, 14 apotekteknikarar og 1 sjukepleiar. Vi har eit godt fagleg
miljø, og samarbeider med dei andre sjukehusapoteka i SAV i ulike
faggrupper. 

Apoteket er organisert i fire avdelingar; publikumsapotek, produksjonsavdeling,
sjukehusekspedisjon og avdeling for farmasøytiske tenester (AFT).
Sjukehusapoteket i Førde skal og utvida sine tenester med ASTRA-teneste
(Apotekstyrt trallelegging). Den nye tenesta skal leverast til farmasitun
i Helse Førde, dette er det første farmasitun som skal etablerast i Helse Vest.
Ein teneste vi er stolt over å skulle ta del i der vi bidreg med planlegging og
bemanning.

Vi søkjer ein apotekteknikar til 100% fast stilling
Dei fleste av medarbeidarane våre har delt stilling mellom to avdelingar ut i frå behov i apoteket og ein heilheitleg vurdering av erfaring
og kompetanse hjå medarbeidar. 
Vår nye kollega må vera innstilt på dette og vera fleksibel. Har du i
tillegg interesse for IKT og eit ønskje om å jobba med utvikling innenfor
IKT-området og butikkdatasystem har vi fleire spennende oppgåver. Hos oss får
du stor variasjon i arbeidskvardagen. Vi søkjer deg som er glad i nye
utfordringar og ønskjer spennande oppgåver i samarbeid med anna helsepersonell.

Å bo i Førde 
Førde ligg vakkert til ved utløpet av
Jølstraelva og har omlag 10500 innbyggjarar. Byen og Sunnfjord kommune har
fleire tilflyttarar og satsar på sosiale og kulturelle arrangement. Førde byr
på den typiske Vestlandsnaturen med flotte fjell og fjordar og berre ein kort
kjøretur unna når du Sunnmørsalpane. Byen har også eigne aktivitetstilbod til
dei under 40 år, så vel som dei over. 

Ved høve kan Sjukehusapoteket vera behjelpelig
med å skaffa bolig. 

Vi håper du vil bli med oss på laget og søkjer
stillinga!

Arbeidsoppgåver

Oppgåver i Publikumsavdelinga til dømes:

  • sal av legemiddel og andre apotekvarer i reseptur og sjølvval
  • kunderettleiing
  • varehandtering

Oppgåver i Produksjonsavdelinga til dømes:

  • varehandtering
  • logistikkoppgåver
  • tilverknad av legemiddel

Oppgåver i Sjukehusekspedisjonen til dømes:

  • forsyning av legemiddel og andre varer til avdelingar i helseføretaket, internt og eksternt
  • varehandtering
  • logistikkoppgåver

Oppgåver i Farmasitun til dømes:

  • håndtere bestilling og levering av legemiddel til sjukehuset
  • klargjering av medisintrallar 
  • tilbereding av parenterale legemiddel til sjukehuset

Andre oppgåver kan tilfalle ved behov

Kvalifikasjonar

  • du har norsk autorisasjon som apotekteknikar
  • du har gjerne relevant arbeidserfaring, men vi vil og treffa deg som er nyutdanna
  • gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • gode IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • du er fagleg engasjert og delar din kunnskap med kollegar
  • du er positiv og serviceinnstilt
  • du er opptatt av og leverar kvalitet i arbeidet
  • du tek ansvar for eige arbeid og samhandlar godt med andre  

Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga

Vi tilbyr

  • Stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Naudsynt opplæring
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø i stadig utvikling
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinstkomst

Ver venleg å laste opp attestar, vitnemål og eventuell anna relevant dokumentasjon i søknaden.

 

Mangfoldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Gunvor Steine Tufte, Sjukehusapoteker, +47 41436975

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sjukehusapoteka Vest

Referansenr.: 4802862406
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver SIF Sjukehusapoteket i Førde / SIF Publikumsavdeling, Sjukehusapoteka Vest orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.

Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

Webside https://www.sjukehusapoteka-vest.no/
Bransje Salg og service
Yrke Salg, butikk- og varehandel
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/69f02efc-233b-4022-bf01-f4ef51d9dee0
IMPORTAPI