Arkeologisk feltarbeid sesongen 2024 – Universitetet i Bergen

Education Forskningsarbeid

(2 måneder siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 19. februar 2024
  •  Expire date: 25. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 19-02-2024
Deadline: 25-10-2024

 

Arkeologisk feltarbeid sesongen 2024

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvaltning og formidling som kjerneoppgåver, saman med innsamling, dokumentasjon og vern. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg òg ansvaret for utgravingsverksemda i medfør av Kulturminnelova med forskrifter, samt for Arboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er ein sentral arena for forskingskommunikasjon for UiB. Museet har om lag 155 årsverk fordelt på om lag 200 tilsette. Nærare informasjon om museet finn ein her.

Universitetsmuseet ved Fornminneseksjonen har ansvar for forvaltningsinitierte utgravingar i Universitetsmuseet i Bergen sitt distrikt som omfattar Vestland og Sunnmøre. I tillegg er seksjonen delegert ansvar for forvaltninga av bergkunstlokalitetar innanfor sitt forvaltningsområde. Funnmaterialet frå undersøkingane dannar basis for museets arkeologiske forsking og forskningskommunikasjon.

Universitetsmuseet har for feltsesongen 2024 behov for personell til arkeologisk feltarbeid.
Feltsesongen er normalt frå april til november.

Tilsettingane vil vere av ulik lengde og kan omfatte deltaking i fleire prosjekt. Vi vurderer alle søknader som generelle, det vil seie at dei vil gjelde for alt feltarbeid som kjem i løpet av det tidsrommet du har oppgitt at du kan arbeide. Det er likevel ønskeleg at ein kjem med faglege eller tematiske prioriteringar i søknadsbrevet.

Søkarane må ha relevant arkeologifagleg utdanning. Tildelinga vil vere basert på dei ulike prosjektas behov i kombinasjon med dei enkelte søkaranes arkeologiske felterfaring, spesialkompetanse og faglege kvalifikasjonar.

Søknadsfrist for hovedtildelinga 9. mars er 29. februar. Etter dette vil feltarbeid bli tildelt fortløpande gjennom heile sesongen etter kvart som nye prosjekt kjem inn. Vi tek i mot søknader gjennom heile sesongen fram til 25. oktober 2024. Dei som får tilbod vil verte kontakta. Send berre éin søknad, men oppdater gjerne informasjon gjennom sesongen dersom det skjer store endringar i forhold til CV og tidsrom du kan arbeide. Dette kan gjerast på e-post til: post@fms.uib.no.

Tiltreding: Frå midten av april og ut feltsesongen. Universitetsmuseet planlegg å avvikle fellesferie i juli og det vil berre unntaksvis verte aktivitet i felt i denne perioden.

Arbeidsoppgåver:

Feltarkeolog (stillingskode 1085 avdelingsingeniør):

  • Feltarkeolog utfører oppgåver ved feltarbeid under leiing av feltleiar/utgravingsleiar/prosjektleiar. Dette er oppgåver som utgraving, prøvetaking, handsaming av funn, dokumentasjon, digital innmåling. Andre oppgåver kan òg leggjast til stillinga.

Feltleiar (stillingskode 1087 overingeniør):

  • Feltleiar avlastar prosjektleiar eller utgravingsleiar ved arkeologiske utgravingsprosjekt. Feltleiar kan verte gjeve dagleg leiaransvar for ein avgrensa del av feltarbeidet og/eller for ein tidsavgrensa periode. Feltleiar utfører også oppgåver som utgraving, prøvetaking, funnbehandling, dokumentasjon, innmåling og databehandling i Intrasis. Andre oppgåver kan óg leggjast til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Feltarkeolog (stillingskode 1085 avdelingsingeniør):

  • Minimumskrav er normalt bachelorgrad. Relevant arbeidserfaring kan vega opp for manglande formelle kvalifikasjonar

Feltleiar (stillingskode 1087 overingeniør):

  • Mastergrad i arkeologi, søkaren bør óg ha brei erfaring frå arkeologisk feltarbeid. Omfattande relevant arbeidserfaring kan vega opp for manglande formelle kvalifikasjonar
  • Kompetanse innanfor GIS er eit krav
  • Det er ønskeleg med førarkort for bil (klasse B)

For alle stillingane gjeld:

  • Vi søker engasjerte og ansvarsfulle personar som kan arbeide i team, av og til under krevjande forhold. Vi ønsker personar som har evne og vilje til å skape gode arbeidsmiljø.

Vi tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i ulike delar av museets ansvarsområde
  • Arbeid med ulike typar arkeologiske kulturminne
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø og gode og fagleg dyktige kollegaer
  • Løn som feltarkeolog (kode 1085 avdelingsingeniør) er kr 502 300 – 557 100 per år i 100 % stilling etter erfaring i felt/feltarbeid. Løn som feltleiar (kode 1087 overingeniør) er kr 575 400 – 615 700 per år i 100% stilling etter erfaring i felt/feltarbeid. For særlig kvalifiserte søkjarar, kan høgare løn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse ved arbeidsforhold over ein månad og stilling 20 % eller meir av full stilling
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seksjonssjef Morten Ramstad, tlf. 55 58 49 44 eller 406 10 070, e-post: morten.ramstad@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev ( ½ side)
  • CV
  • Attestar

Søknad og CV skal sendast elektronisk via lenkja «Søk stillinga» på denne sida på www.jobbnorge.no 

Det er viktig at du i søknaden oppgir kva stillingskategoriar du er interessert i. Spesifiser gjerne faglege interesser og opplys nøyaktig om kva tidsrom du kan arbeide. Vi ber og om at du opplyser om du har førarkort og om kompetanse innanfor digital innmåling og Intrasis. Opplys gjerne óg om andre forhold som kan vere av betyding. I samband med tildeling av arbeid vil det bli gjort ei lønsplassering, derfor må utdanning og arkeologisk erfaring/praksis dokumenterast.

Den som vert tilsett må rette seg etter retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til bruk ved behandling av søknader til stillingane.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

 

Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her 

Webside https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib
Bransje Utdanning
Yrke Forskningsarbeid
Sted BERGEN (Adresse: Ute i felt, og i Joachim Frieles gate 1 Postnr: 5007)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 25-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a6712753-2584-4d69-b8d9-75963b1e7fed
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/258721