Assistent – Seksjon for forsyning og interntransport SNR
Industri og produksjon Tekstil og presisjonsarbeid(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 17-04-2024
Deadline: 05-05-2024
Assistent
Seksjon for forsyning og interntransport SNR høyrer til Avdeling for logistikk og forsyning. Seksjonen sine ansvarsområde er drift av lager, aktiv forsyning og interntransport, sengesentral og tekstil. Seksjonen har tilsette i Molde og Kristiansund.
Vi har ledig fast 100% stilling frå 01.06.2024 for tida ved Kristiansund sjukehus
Med fokus på kundebehov og kvalitet skal våre støttetenester legge til rette for god og trygg pasientbehandling. Har du bakgrunn innan logistikk, og ønskjer ein interessant og meiningsfull arbeidskvardag, då kan dette vere stillinga for deg.
Nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal er under utbygging på Hjelset og skal delvis takast i bruk i løpet av 2024 og med ferdigstilling i 2025.
Vitnemål, attestar/tenestebevis, fagbrev må scannast og lastast opp som vedlegg til søknad/CV.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver knytt til tekstilhandtering
- Internvaskeri
- Reingjering av senger
- Klargjering av garderobeskap
Kvalifikasjonar
- Erfaring innan nemnde fagområder
- Gjerne erfaring innan helse- og sjukehusdrift
- Beherske norsk munnleg og skriftleg
- Gode generelle datakunnskapar
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagde:
- Strukturert, effektiv og nøyaktig
- Løysingsorientert og gode samarbeidsevner
- Punktleg, stabil og påliteleg
- Ryddig og systematisk
- Sjølvgåande og initiativrik
- God helse og fysikk
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Vidar Andreassen, Seksjonsleiar, 90718551
Wenche Søyseth, Driftskoordinator, 41189141
Arbeidssted
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4801344265
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Seksjon for forsyning og interntransport SNR orgnr: 974746948 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25). Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For
|
Webside | http://www.helse-mr.no |
Bransje | Industri og produksjon |
Yrke | Tekstil og presisjonsarbeid |
Sted | KRISTIANSUND N (Adresse: Herman Døhlens vei 1 Postnr: 6508) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Norskkunnskaper |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 05-05-2024 |