Assisterande rektor – Bø skule

Education Ledere av undervisning og utdanning

(2 uker siden)

Stillingsbeskrivelse

Published 06-05-2024
Deadline: 20-05-2024

 

Assisterande rektor

Bø skule er ein barneskule med om lag 450 elevar fordelt på 1.-7.trinn, og ligg nær Bø sentrum med gode
lokalitetar. Vi har tre store SFO-basar knytt til skulen og ansvar for leirskulen på Jønnbu (Lifjell).

Bø skule har mykje kompetanse og erfaring med grunnleggjande lese- og skriveopplæring, og jobbar med med å utvikle eit
system for denne opplæringa heilt opp til 7.trinn. Skulen jobbar også med å utvikle seg innan rekning, munnleg og digital kompetanse.

Vi vektlegg å ha høge ambisjonar for elevane si læring. Det er viktig for oss at alle våre elevar får realisert sitt læringspotensial og får moglegheit til å få oppfylt sine draumar for framtida. Elevane skal stå i sentrum for alt vi gjer og målet er å gje dei eit optimalt opplæringstilbod.

Assisterande rektor vil få eit særskilt ansvar for pedagogisk leiing på skulen, saman med leiarteamet på skulen og SFO. Leiarteamet består av rektor, to assisterande rektorar og SFO-leiar.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for skulen sin strategi for pedagogisk utviklingsarbeid saman med rektor
  • Ansvar for vikarhandtering, handsaming av fråvær og avspasering
  • Ansvar for timeplanlegging og utarbeiding av arbeidsplanar
  • Ansvar for IKT-oppfølging, pedagogisk og teknisk
  • Medansvar for HMS-oppfølging
  • Medansvar for å administrere fellesmøte, plangruppemøte og liknande i samråd med rektor

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Godkjent lærarutdanning
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Ønska kompetanse

  • Søkjar må kunne meistre begge målformer
  • Godkjent skuleleiiarutdanning
  • Skuleleiiarerfaring
  • IKT-kompetanse
  • Erfaring med digitale læringsverktøy
  • Erfaring frå undervisning i grunnskulen

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Opplæringsloven § 10-9. Skal framvisast før oppstart i stilling.

Personlege eigenskapar

  • Er pådrivar i arbeidet med elevanes læringsmiljø
  • Er ein som leier, motiverer og inspirerer til læring og utvikling
  • Har gode relasjonsferdigheiter
  • Er positiv og har rause haldningar
  • Har evne til å skape tillit og engasjement
  • Trivast med å løyse fleire oppgåver samtidig
  • Har høge ambisjonar for skulen, både elevar og medarbeidarar
  • Er analytisk og strategisk
  • Er strukturert og systematisk
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein skule med mange dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • Ein skule med høg trivsel blant elevar og medarbeidarar
  • Ein skule med eit inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein skule som ønsker å utvikle seg for elevanes beste
  • Moglegheit til å påvirke eigen stilling
  • E-læringskurs for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Ruth Olaug Tellnes, Rektor Bø skule, +47 99022024

Arbeidsstad

Gamleveg 71
3802 Bø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 4807508230
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 20.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bø skule orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Me ønskjer å bidra til og gi alle barn og unge i Midt-Telemark kommune ein trygg og god oppvekst. Med fokus på vaksne som er til stades, har evna til å skape trygge relasjonar og som jobbar med å inkludere alle i kvardagen. Barn og unge skal få medverknad i eigen kvardag, for saman skaper me framtida.

Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Webside https://midt-telemark.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Ledere av undervisning og utdanning
Sted BØ I TELEMARK (Adresse: Gamleveg 71 Postnr: 3802)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2024
Søknadsfrist 20-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/50e539b2-aaf2-4dfa-9394-cb70cf7f40f1
IMPORTAPI