Stillingsbeskrivelse

Published 11-04-2024
Deadline: 05-05-2024

 

Avdelingsleiar i BU- og aktivitetstenesta – vikariat i 100% stilling

Vi har ledig vikariat som avdelingsleiar med oppstart i januar 2025 og varigheit i 1 år.

I tenesta er det for tida sju bufellesskap og eit aktivitetshus. Til vikariatet ligg det f.t ansvar for to av bufellesskapa.

Vi søker etter ein tydeleg, engasjert og fagleg sterk leiar som er samlande og har evne til å skape tillit, heilheitlege tenester og gode resultat.

Stillinga inneber dagarbeidstid.

 

Arbeidsoppgåver:

– Fag-, drifts- og personalansvar

– Utvikling av tenesta inna for ramma av vedtekne budsjett

– Sikre eit godt tverrfagleg samarbeid for å skape heilheitlege tenester

– Kvalitets- og utviklingsarbeid

– Ansvar for fagsystem og elektronisk turnusverktøy

– Saksbehandling og kartlegging av tenestebehov

– Bidra aktivt i eininga med fokus på godt samarbeid med pårørande/verje, kollegaer, tillitsvalde og verneombod

Dette er oppgåver som f.t er lagt til stillinga, i tillegg kjem oppgåver son kan bli lag til frå einingsleiar.

 

Kvalifikasjonar:

Stillinga er aktuell for vernepleiarar og sjukepleiarar med norsk autorisasjon eller med anna relevant helsefagleg høgskuleutdanning og relevant arbeidserfaring.

Vi har ønske om at du har leiarerfaring.

Du er mål- og resultatorientert og har god muntleg og skriftleg framstillingsevne.

Du har både erfaring med og god kunnskap om bruk av elektronisk turnusverktøy og du er interessert i burk av velferdsteknologi med solid digital kompetanse.

 

Personlege eigenskapar og fortrinn vi legg vekt på:

Vi ser etter deg som har engasjement og som evner å inspirere og motivere.

Du har gode samarbeidsevner og som ynskjer å vere ein aktiv pådrivar for å bygge og bevare eit godt arbeidsmiljø.

Du er handlekraftig og evner å ta utfordringar. Du er god til å delegere, inspirere, rettleie og vidareutvikle medarbeidarane dine og slik kunne bygge gode team.

 

Vi tilbyr:

  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Vi har ei engasjert og fagleg dyktig personalgruppe
  • Påverknad på eigen arbeidskvardag i planlegg og utføringa av arbeidsoppgåvene
  • Flotte og funksjonelle lokale
  • Kommunale tilsettingsvilkår og lønn med utgangspunkt i tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen

Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart i stillinga.

Kvalifiserte søkarar blir kalla inn til samtale.

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Surnadal kommune Bu- og aktivitetstenesta orgnr:
Kort om arbeidsgiver Bu- og aktivitetstenesta gir tilbod om helsehjelp, praktisk bistand og opplæring til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov. Vi gjev også tilbod om avlasting i avlastingsbustad for familiar som har særleg tyngande omsorgsoppgåver. Vi har ulike formar for aktivitetstilbod og arbeid til brukergruppa ved Sommerrotunet aktivitetshus. Mange som mottek tenester fra oss har behov for tilsyn og bistand hele døgnet. Boligane er litt spredd i sentrum og vi har også tenester i boligar som ikkje er tilknytt fellesbustadane. Når det kjem til fellesbustadane så bur nokre i leilegheiter de eig sjølv, medan andre leier kommunale bolig i borettslaget.
Webside
Bransje Utdanning
Yrke SFO, barne- og fritidsleder
Sted SURNADAL (Adresse: Bårdshaugvegen 1 Postnr: 6650)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/24c251c6-46e5-4cbd-92b5-c3fcdc486869
IMPORTAPI