Avdelingsleiar i Bu- og avlastingstenesta – Osterøy kommune

Education Sfo barne og fritidsleder

(2 uker siden)

  • LONEVÅG
  •  Lagt til dato: 21. april 2024
  •  Expire date: 13. mai 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 21-04-2024
Deadline: 13-05-2024

 

Avdelingsleiar i Bu- og avlastingstenesta

Om stillinga

Bu- og avlastingstenesta gjer tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonsnedsettingar. Eininga består av fem bufelleskap, fem bustadar, avlastingstilbod og dagtilbod. Vi gjer tenester til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansette utfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov.

Vi har no ledig ei nyoppretta fast stilling som Avdelingsleiar. Stillinga vil innebere leiaransvar for bufellesskap/butiltak i eininga.  I eininga vil du bli ein del av leiargruppa som består av fem avdelingsleiarar, ein fagrådgjevar og einingsleiar.

Vi ser etter ein leiar som brenn for å sikre gode tenester til målgruppa, og som kan trygge, støtte og motivere våre tilsette slik at dei kjenner mestring i sin arbeidskvardag. Som leiar er du oppteken av å skape ein kultur med fokus på eit godt arbeidsmiljø og du har ei høg etisk medvetnad. Du er fagleg dyktig, engasjert, motiverande og ynskjer å ta ansvar for at kvaliteten er i høgsetet.

Våre tilsette ynskjer seg ein leiar som dei har tillit til, ein som ser deira engasjement og forstår deira utfordringar. Du vil få moglegheit til å vere leiar for flotte personalgrupper med eit høgt engasjement og forplikting til sitt arbeide. Våre tilsette har høg stå-på vilje, og er fleksible i å finne gode løysingar for å bidra til at dei som treng vår hjelp og støtte har gode og opplevingsrike dagar.

Stillinga har arbeidstid på dagtid med 37,5 timer/ veke. Stillinga er innplassert i kap. 3 i HTA og unntatt frå arbeidstidsbestemmelsane jf. lokal avtale, noko som inneber at du som leiar har moglegheit til fleksible dagar. Vi har også ei forventing om at du vil ta i eit tak når det er behov for det i bustadane. I stilling som avdelingsleiar hos oss har vi derfor ei ordning med 10 leiarfri dagar i året som kompensasjon for meirarbeid i perioder der dette trengs.

Vi tilbyr

  • Som leiar hos oss vil du møte eit engasjert, humørfylt,  inkluderande og støttande kollegie. Hos oss er det korte linjer og alltid råd å få!
  • Varierte utfordringar i samarbeid med ei kompetanserik, positiv og engasjert personalgruppe
  • Stort handlingsrom og moglegheit for å påverke utvikling av tenestane
  • Tilgang til einingas rådgjevar innan fag og kommunens rådgjevarar innan personal og økonomi
  • Tverrfagleg samarbeid med andre einingar og instansar
  • Årsløn f.t 725 000 kr.
  • 10 kompensasjonsdagar/ leiarfri dagar per kalenderår jf. lokal avtale. Gode pensjons- og forsikringsvillkår

Kven er du?

  • Du kan vise til gode samarbeidsevner
  • Du er åpen, tilgjengeleg og lett å prata med
  • Du skaper oppslutning om utvikling og motiverer tilsette i endringsprosessar
  • Du har gode rettleiingsferdigheter
  • Du har høg arbeidskapasitet
  • Du er initiativrik og engasjert
  • Du har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig mot mål og tidsfristar
  • Du er fleksibel og løysingsorientert
  • Du har høg etisk medvetnad og evne til kritisk refleksjon
  • Du er pålitelig og lojal i ditt arbeid
  • Humor og raushet vert verdsett!
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for den daglege driften i bustadane 
  • Ansvar for rekruttering, opplæring og personaloppfølging
  • Ansvar for planlegging og oppfølging av turnus, søknad om unntak frå AML §10-12 4. ledd
  • Oppfølging og kvalitetssikring av det faglege arbeidet i bustadane og sikra at dette er i tråd med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Økonomistyring i henhold til budsjett, månadleg økonomirapportering med utarbeiding av prognose
  • Vere utviklingsorientert og oppteken av å forbetre tenestekvaliteten og utnytte ressursane på ein fleksibel og effektiv måte Sikre eit godt samarbeid med pårørande og øvrige samarbeidspartnarar
  • Sørge for ansvarsgruppemøter/ samarbeidsmøter, iverksetting og oppfølging av faglege tiltak og planar
  • Ansvar for internkontroll på tenestestadane
  • Andre delegerte oppgåver frå einingsleiar

Kvalifikasjonskrav

  • 3-årig relevant høgskule eller universitetsutdanning. Fortrinnsvis bachelor innan helse- og sosialfag
  • Fordel med relevant vidareutdanning innan leiing og administrasjon
  • Erfaring frå fagområdet vert vektlagt. Det er ynskjeleg med relevant og allsidig praksis frå tenesteområdet og relevant erfaring som leiar
  • Kjennskap til og erfaring med turnusplanlegging samt lov og avtaleverk i forbindelse med arbeidstid og turnus
  • Ynskjeleg med erfaring frå rekruttering og personalarbeid
  • Kunnskap og erfaring i utøving av relevant lovverk for tenesta
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Forståing for kommunen si organisering og dei system som vert nytta i arbeidet
  • Gode datakunnskapar er ei føresetnad
  • Du må kunne arbeide godt sjølvstendig og i team
  • Førerkort kl.B

Anna informasjon

  • Tidspunkt for 1.gongs intervju er sett til 23. og 24.mai.
  • Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader
  • Kommunen har 6 månaders prøvetid ved tilsetjing

Offentleg tenestepensjon

 I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide – og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Osterøy kommune orgnr: 975319008
Kort om arbeidsgiver

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.  

Webside https://www.osteroy.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke SFO, barne- og fritidsleder
Sted LONEVÅG (Adresse: Geitaryggen 8 Postnr: 5282)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/21144dab-89ad-4e0b-bb92-d1427a7f26a1
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/262060