Barnehagelærar, 100% vikariat – Gulen kommune

Education Barnehage

(4 måneder siden)

  • EIVINDVIK
  •  Lagt til dato: 5. januar 2024
  •  Expire date: 3. mai 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 05-01-2024
Deadline: Unknown

 

Barnehagelærar, 100% vikariat

Om stillinga 

Det vert ledig eit 100% vikariat som barnehagelærar, for tida ved Byrknes barnehage og skule, frå 05.02.2024 til 05.07.2024. 

Byrknes barnehage og skule består av 1-10-skule og barnehageavdeling. Eininga fekk vinteren 2020/2021 eit flott nytt barnehagebygg. Sjå www.byrknes.skule.no for meir informasjon, bilete, årsplanar osb.

Barnehagane i Gulen har: 

  • Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, kor idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar 
  • Relativt små barnehagar – ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Tilbod om rettleiing
  • Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen

Kvalifikasjonar 

  • Utdanning som barnehagelærar. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert for mellombels stilling dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar. 
  • Gode norskkunnskapar – både munnleg og skriftleg

Arbeidsoppgåver 

  • Planlegge, setje i verk, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde.
  • Leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drfita av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar.
  • Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga
  • Delta i den daglege drifta

Personlege eigenskapar 

  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
  • Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Gulen kommune orgnr: 914309506
Kort om arbeidsgiver

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

 

Webside https://www.gulen.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage
Sted EIVINDVIK (Adresse: Eivindvikvegen 1119 Postnr: 5966)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/958279dd-eef5-472e-b471-abdd536bea39
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/253585