Bli ringevikar til ungdomsklubben – Osterøy kommune

Carpenters Vaktmester

(3 måneder siden)

  • LONEVÅG
  •  Lagt til dato: 4. februar 2024
  •  Expire date: 28. april 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 04-02-2024
Deadline: Unknown

 

Bli ringevikar til ungdomsklubben

Om stillinga

Kvar veke er det ungdomsklubb på Osterøy bibliotek. Her møtes vanlegvis rundt 30 ungdommar for å eta, spela, teikna, henga og vera i lag. Klubben er open tysdagar 14.00-19.00 og blir drive av ein ungdomsarbeidar, i samarbeid med bibliotekarne som betener biblioteket.

Me treng ringevikarar for vår ungdomsarbeidar, som kan stilla opp på kort varsel, og ta ansvar for gjennomføring av arrangementet. Me søker nokon som likar å jobbe med ungdom, som kan behalde roen i eit hektisk arbeidsmiljø, og som kan gripa inn og sette grenser når det trengs.

Arbeidsoppgåver

  • Skapa eit godt miljø for deltakarane på klubben
  • Førebu til opning – Gjera klart eit måltid, finna fram utstyr.
  • Legga til rette for ulike aktiviteter.
  • Vere ein trygg person som kan halda oppsyn, sjå den enkelte og setta grenser.

Kvalifikasjonar og eigenskaper

Kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå arbeid med ungdom
  • Fortrinnsvis fagbrev barne og ungdomsarbeid eller anna relevant utdanning.
  • Gyldig politiattest

Eigenskaper

  • Du har relasjonskompetanse og evner å knytte kontakt med ungdommane
  • Du er initiativrik og praktisk og kan tilrettelegga og gjennomføra aktivitetar i lag med deltakarar

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Osterøy kommune orgnr: 975319008
Kort om arbeidsgiver

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.  

Webside https://www.osteroy.kommune.no/
Bransje Håndverkere
Yrke Vaktmester
Sted LONEVÅG (Adresse: Lonevågen 5 Postnr: 5282)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cecabffe-b253-4b7a-9419-d4a2e599878a
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/257510