Byggeleiar – Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Construction Arbeidsleder bygg og anlegg(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 15-05-2024
Deadline: 06-06-2024
Byggeleiar
BYGGELEIAR – VEGDRIFT SUNNMØRE
Vi søker etter byggeleiar for driftskontrakt 1501 Søre Sunnmøre i Fylkesvegavdelinga:
Drift og vedlikehald av fylkesvegar
Fylkesvegnettet består av om lag 3200 km veg, 62 tunnelar, om lag 1000 bruer samt andre vegelementer.
Du blir fast tilsett i vegdriftseksjonen, som er ein del av fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi har kontorstadar i Molde, Ålesund og Kristiansund, og du må rekne med ein del reising i fylket.
Kontorstad: Ålesund
Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane og har omlag 125 tilsette. Vegdriftseksjonen har i dag 35 tilsette. Seksjonen har i dag teamleiarar, byggeleiarar, kontrollingeniørar og fagressursar innan HMS, geologi, geoteknikk, økonomi og prosjektering. I tillegg har fylkesvegavdelinga ein fagleg sterk og kompetent byggherreorganisasjon.
Arbeidsoppgåver
Som byggeleiar hos oss vil du:
– Vere del av eit team som styrer ulike drift- og vedlikehaldskontraktar for gjennomføring av drift- og vedlikehaldsarbeid på det fylkeskommunale vegnettet.
– Delta i utarbeiding av konkurransegrunnlag for nye kontraktar, samt vere delaktig i utlysing av konkurranse og kontrahering.
– Ha ansvar for å styre og følgje opp kontrakt innanfor definerte mål for HMS, økonomi, framdrift og kvalitet.
– Planlegge, bestille og følje opp nødvendige drift og vedlikehaldstiltak i kontraktsområdet, innanfor tildelt økonomisk ramme.
– Rapportere til teamleiar, og hejlpe til i styring av kontraktsporteføljen
– Ha ansvar for å gjennomføre ulike møter med entreprenør, samt koordinere arbeid med andre faggrupper, seksjonar og etatar.
– Samarbeide med aktuelle samarbeidspartnarar både internt og eksternt, for å sikre ei god kontraktsgjennomføring.
Kvalifikasjonar (overskrift)
– Bachelor eller master i ingeniørfag. Relevant erfaring kan kompensere for kompetansekravet.
– Erfaring i teknisk og/eller økonomisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar er ein fordel.
– Førarkort klasse B
– Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar.
– Strukturert og målbevisst
– Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
– Du er utviklings- og løysningsorientert
– utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
– offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
– løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Preben Geir Irvung, Seniorrådgiver, +47 48205539
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 4813050459
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.06.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit. Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling. FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal. Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder. Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling. Lenke til –> Samferdselsområdet (mrfylke.no) |
Webside | http://mrfylke.no/jobb |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Arbeidsleder, bygg og anlegg |
Sted | (Adresse: Postnr: ) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 06-06-2024 |