Stillingsbeskrivelse

Published 18-04-2024
Deadline: 05-05-2024

 

Byggesakshandsamar

Har du lyst å vere med å påverke korleis Ålesund kommune skal utformast?

For Ålesund kommune er byggesaksavdelinga ein viktig bidragsytar for omdømebygging og attraktivitet. Arbeidsprosessane i avdelinga er tett knytt til andre avdelingar og verksemder som plan, geodata, vatn og avløp, miljø og samferdsel samt innbyggartorg.

Kommunen har stor byggeaktivitet og stor variasjon i type saker. I Ålesund sentrum er bevaring og arkitektonisk kvalitet eit særleg fokusområde. I områda rundt Ålesund og i dei historiske kommunesentra i Skodje og Sjøholt er det meir utprega bustadstrøk, medan ein og har landlege område der landbruk, jordvern og naturvern er sentrale omsyn. Oppgåvene varierer frå saker knytt til vern/utvikling av historisk bykjerne til oppgåver i landlege områder i heile Ålesund kommune.

Avdelinga har omlag 16 medarbeidarar med ulik fagbakgrunn, og det er eit ungt, engasjert og tverrfagleg arbeidsmiljø på avdelinga. Sakshandsaminga skal sikre at utbygging skjer innanfor plan- og bygningslova, og bidreg til føreseieleg by- og tettstadsutvikling. Avdelinga følgjer opp byggesaker, tilsyn og ulovlegheitssaker. Stillinga inneber mykje kontakt med publikum, og evne til kommunikasjon og samarbeid er viktig. 

Vi treng fleire ressursar og skal tilsette 2 sakshandsamarar for byggesaker og 1 sakshandsamar for tilsyn og ulovlegheit. Den eine byggesakshandsamarstillinga er reservert for søkjarar med ingeniør-kompetanse, den andre byggesakshandsamarstilling er open for alle relevante utdanningsbakgrunnar, men du med ingeniør-, jurist- og arkitekt-kompetanse er særskilt oppmoda om å søkje. Stillinga som sakshandsamar for tilsyn og ulovlegheit er reservert anten for deg med ingeniør-/byggteknisk-kompetanse eller deg som er jurist. Om du er nyutdanna må du gjerne søkje. 

Gjer vel og oppgi kva stilling du søkjer på, eller om du søkjer på fleire av stillingane, når du sender inn søknaden. 

Arbeidsoppgåver

Byggesak:

  • Handsaming av byggesøknadar, både administrativt og til politiske utval
  • Førehandskonferanser
  • Deltaking ved tilsyn

Tilsyn og ulovlegheit:

  • Tilsyn ved byggeplassar
  • Tilsyn ved eksisterande byggverk og arealer
  • Handsaming av tilsyn og ulovlegheitssaker

Begge:

  • Rettleiing, møter med søkjarar og andre oppgåver etter plan- og bygningslova
  • Klagehandsaming
  • Sjølvstendig sakshandsaming og arbeid i team
  • Andre arbeidsoppgåver kan leggast til stillinga

Kvalifikasjonar

1. Sakshandsamar byggesak:

  • Høgare utdanning – ingeniørkompetanse. Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.

 

2. Sakshandsamar byggesak:

  • Høgare utdanning innan relevante fagområde. Du som er ingeniør, arkitekt eller jurist er særskilt oppmoda om å søkje. Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning. 

 

3. Sakshandsamar tilsyn og ulovlegheit:

Vi ser anten etter deg som har

  • Master i rettsvitenskap. Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.

Eller etter deg som har

  • Høgare utdanning – ingeniør-/byggteknisk kompetanse. Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning. 
  • Fagbrev innanfor relevante fagområder vil vere ein fordel. 
  • Erfaring med gjennomføring eller prosjektering knytt til bygg vil vere ein fordel.

 

Alle stillingane:

  • God norskkunnskap både munnleg og skriftleg
  • Det er ein fordel om du har førarkort klasse B
  • Erfaring frå offentleg sakshandsaming er ein fordel
  • Kjennskap til plan- og bygningslova er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Samfunnsengasjert
  • Nyskjerrig og interessert i å utvikle digitale tenester
  • Løysingsorientert og serviceinnstilt
  • Strukturert og analytisk
  • God rolleforståing og evne til å prioritere og gjennomføre
  • Du må ha evne til å både arbeide sjølvstendig og i team med kollegaer

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å påverke morgondagens samfunn
  • Spanande og meiningsfylte oppgåver
  • Eit godt tverrfagleg miljø
  • Utviklingsmoglegheiter
  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Kommunale tilsettingsvilkår med pensjonsordning og personalforsikring

Kontaktinformasjon

Silja Øvrelid, Verksemdsleiar, silja.ovrelid@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Keiser Wilhelms gate 11
6003 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kommunalområde Samfunn

Referansenr.: 4799081192
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kommunalområde Samfunn, Byggesak og oppmåling orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Webside http://www.alesund.kommune.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted ÅLESUND (Adresse: Keiser Wilhelms gate 11 Postnr: 6003)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cc7f4790-8dd0-4a57-a01c-ec343967c633
IMPORTAPI