Stillingsbeskrivelse

Published 04-04-2024
Deadline: 04-05-2024

 

COOP MARKED FISKÅ søker tilkallingshjelp/ ferievikar

 

 

 

 

 

 

Vi har ledig stilling som tilkallingshjelp/ ferievikar og søkjer etter ein medarbeidar som kan stille på kort varsel ved uventa fråvær i butikken, når vi har ekstra behov i høgsesongar, og som ferievikar i sommarsesongen under ferieavviklinga. Arbeidstidene er på dagtid, kveld og laurdagar.  På sikt kan det bli mulighet for deltidsstilling i fast turnus. Du må ha fylt 18 år, og du må kunne snakke og skrive norsk. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Kundebehandling
  • Kasse
  • Post/tipping
  • Varemottak / vareplassering
  • Førefallande reinhald og rydding

 

Våre forventningar til deg: Du er hjelpsam og imøtekommande, og trivst med sal og kundebehandling. Du jobbar effektivt og målretta, kan vere fleksibel, og jobbar godt både sjølvstendig og i team. Det er viktig for oss at du medverkar til eit godt arbeidsmiljø i butikken og trivsel for kundane våre.

Vi kan tilby varierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får nødvendig opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtaler. Vi har rabattavtaler for tilsette.

Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef Maria Nordal på telefon 99521397 eller epost: maria.nordal@coop.no

Søknad og CV registrerast digitalt.

Søknadsfrist: 30.04.2024

 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Coop Marked Fiskå orgnr:
Kort om arbeidsgiver Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 6 milliardar i omsetnad og ca. 2200 medarbeidarar. Vi har butikkar i 46 kommunar, frå Åfjord i nord til Lærdal i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vår verksemd er i første rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandels- og byggevarebutikkar. Vi er eigd av våre 179 000 medlemmar, og vert drive etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å vere eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsett bransje, møter vi heile tida nye konkurranseforhold og utfordringar. Måten vi møter dei på, avgjer om kunden framleis vil velje oss framfor konkurrentane.
Webside
Bransje Salg og service
Yrke Salg, butikk- og varehandel
Sted FISKÅ (Adresse: Postnr: 6143)
Stillingstype Annet Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 04-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a24c9d55-efce-428d-80d2-75561e79d25f
IMPORTAPI