Stillingsbeskrivelse

Published 25-04-2024
Deadline: 10-05-2024

 

Einingsleiar/rektor Marvik skule

Ledig 100% fast stilling som einingsleiar/rektor ved Marvik skule.

Informasjon om Marvik skule: 

Marvik skule  er ein 1 -7 skule med i overkant av 20 elevar.  Skulen har og SFO. 
Skulen ligg flott til ved sjøen på Marvik, omgitt av flott natur, som blir brukt aktivt i undervisninga.  Det er ein skule med engasjerte og kreative tilsette. Skulen er fådelt og har eit profesjonsfagleg samarbeid med to andre fådelte skular i kommunen. Eit av satsingsområda innanfor skulebasert kompetanseutvikling er å vidareutvikla eit trygt og inkluderande læringsmiljø. 

Me søkjer derfor etter ein rektor som har vilje og evne til å byggja eit godt profesjonsfellesskap og kan samarbeida godt med tilsette, foreldre, elevar, andre skular, skuleeigar og andre kompetansemiljø.

Vidare håpar me at du som ønskjer å søkja denne stillinga  

  • er ein engasjert og inkluderande leiar som vert motivert av å skapa resultat og få til gode løysingar. 
  • er ein leiar som gler seg over medarbeidarar som lukkast, kommuniserer godt og er ein god relasjonsbyggjar.  
  • vil leia ein skule som har som mål å forma elevane til dei beste versjonane av seg sjølv 
  • ønskjer å samarbeida med alle leiarane i oppvekstsektoren «Suldal for barn og unge» som møtest jamleg i eit profesjonelt læringsfellesskap, og for å støtta deg i arbeidet ditt. 

Er dette eigenskapar du har, er Suldal kommune rett stad å vera. 

Ansvar 
Einingsleiar er ansvarleg for den daglege drifta, tilpassing og utvikling av skulen og SFO. 

Me ser no etter deg som er initiativrik og løysingsorientert, med evne til nytenking. Du må vera utviklings- og resultatorientert i arbeid med den pedagogiske verksemda og det pedagogiske personalet. Det vil kunne bli ein mindre undervisningsdel i stillinga eller andre oppgåver knytt administrativt arbeid innan oppvekst (20 prosent).

Kvalifikasjonar 

  • Godkjent lærarutdanning. Dokumentert pedagogisk kompetanse.
  • Tilleggsutdanning innan administrasjon er ønskjeleg.
  • Relevant leiarerfaring er ønskjeleg.
  • Strategisk innsikt og visjonar for skulen sin pedagogiske utvikling.
  • Gode samarbeidsevner, målretta og handlekraftig.
  • Evne til å motivera og inspirera alle medarbeidarane sine.
  • Innsikt i og evne til god økonomistyring.
  • Tilfredsstillande personlege eigenskapar.
  • Søkjarar må disponere eigen bil.

Generelt

  • Suldal kommune kan hjelpa til med å skaffa bustad og gi støtte til bustadutgifter.
  • Den som vert tilsett må leggja fram tilfredstillande politiattest.
  • Løn etter avtale.
  • Rettkjende kopiar av attestar og vitmnemål må takast med til eventuelt intervju.

Søknad sendast

  • Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt.  Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Søkjarar som ikkje kan søkja via nett, ta kontakt med kommunen tlf. 52 79 22 00.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju. 
  • Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde

Velkommen som søkjar!  Me ser fram til å høyra frå deg.

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Suldal kommune Overordna oppvekst orgnr:
Kort om arbeidsgiver Velkommen til Skattkammeret Suldal – Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft.

Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår.

Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg.

Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad.

Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen.

Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt.

Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Ledere av undervisning og utdanning
Sted SAND (Adresse: Eidsvegen 7 Postnr: 4230)
Stillingstype Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1fb053b7-507a-4be6-b0ed-0c419528a7cd
IMPORTAPI