Stillingsbeskrivelse

Published 09-05-2024
Deadline: 26-05-2024

 

Er du klar for ein spanande og viktig jobb?

Ynskjer du å leie- og motivere dine medarbeidarar og å bidra til å skape eit positivt leike- og læringsmiljø? Då håpar vi du søkjer på denne stillinga.

Frå 1. august 2024 har vi ledig ei 100 % fast stilling som dagleg leiar på SFO ved Dingemoen skule. 

Den administrative delen av stillinga utgjer inntil 50 % stilling. Resten av tida er arbeid på avdeling og i skule, og fordelast etter avtale utover veka slik det passar best for skule- og SFO-delen.

Dingemoen skule er ein ny skule med klassar frå 1. til 10. steg. Vi har ca. 265 elevar og ei personalgruppe på ca. 55. SFO er ei eiga avdeling ved skulen, og her går ca. 65 av borna frå 1. til 4. klassesteg.Vi tilstrebar eit tett samarbeid mellom alle på skulen og i SFO, og kan tilby eit godt psykososialt arbeidsmiljø med  positive og inkluderande kollegar.

Vår visjon er Likskap – Kunnskap – Venskap;

  • Dingemoen skule er ein skule for alle.
  • Dingemoen skule er arena for fag og kunnskap.
  • Dingemoen skule er arena for venskap.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til å skape eit positivt leike- og læringsmiljø
  • Bidra til eit godt foreldresamarbeid
  • Ansvar for å tileigne seg og nytte ny kunnskap
  • Leie og ha ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet i SFO.
  • Gjennomføring og vidareutvikling av satsingsområde i tråd med rammeplan for SFO.
  • Personalansvar, her under ansvar for opplæring, rettleiing og oppfølging av medarbeidarar i SFO
  • Administrative oppgåver som timeplanlegging, vikarhandtering, fakturering og liknande.
  • Stillinga krev stor grad av stabilitet

Kvalifikasjonar

  • Barnehagelærar, eller fagarbeidarutdanning som barne- og ungdomsarbeidar
  • Relevant erfaring
  • Grunnleggande IKT-kompetanse
  • Beherske norsk, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Godt humør, fleksibel, engasjert, løysingsorientert og strukturert
  • Sjølvstendig, men òg ein lagspelar
  • Evne til å inspirere, motivere og engasjere medarbeidarar.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Trivast i fysisk aktivitet saman med born, inne som ute
  • Vi vektlegg at ein er personleg egna for stillinga

Vi tilbyr

  • Ein spanande og viktig jobb
  • Eit hyggeleg og engasjert kollegium
  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar>

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fjaler kommune Dingemoen skule orgnr:
Kort om arbeidsgiver Dingemoen skule er ein 1-10 skule som ligg i Dale i Sogn og Fjordane.

Likskap, kunnskap, venskap er visjonen til Dingemoen skule.
Dingemoen ynskjer å vere ein skule med rom for alle og blikk for den einskilde. I den praktiske skulekvardagen legg vi stor vekt på fellesskap, men og at den einskilde skal få oppleve meistring og utfordringar gjennom mangfald i inntrykk og uttrykk, medverknad og medansvar gjennom dialog.

Ved Dingemoen skule arbeider vi for eit læringsmiljø som sikrar:
– tilpassa opplæring for alle, med god balanse mellom utfordring og meistring
– høg fagleg kvalitet, som grunnlag for personleg vekst og vidare skulegong

Vi legg til rette for utvikling av:
– tryggleik, trivsel og medverknad
– lærelyst, kreativitet og kritisk sans
– samarbeid, personleg ansvar og god takt og tone
– godt samarbeid med heimen

Dingemoen skule har:
– nulltoleranse for mobbing, vald og rasisme

Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Megling
Sted DALE I SUNNFJORD (Adresse: Dingemoen Postnr: 6963)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 26-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/5b87dccc-47b8-49aa-aca4-dfb1012d5c78
IMPORTAPI