Stillingsbeskrivelse

Published 01-05-2024
Deadline: 20-05-2024

 

Etterforskar politibetjent 3/2/1

Har du sterk interesse for etterforsking, gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og ønsker å ta del i vårt felles arbeid med etterforskingsporteføljen i geografisk driftseining Sunnmøre? Då vil vi gjerne høyre frå deg. 

Som ein del av politiet etterstreber vi å vere modige og heilskapsorienterte, samtidig som vi viser respekt og er tett på og tilgjengeleg for andre. Dette er også eigenskapar vi verdsett høgt for denne stillinga.

Vi kan tilby eit inkluderande arbeidsmiljø med varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver. Etterforskinga er ein integrert del av strategien vår for å førebyggje kriminalitet. Ein må i periodar pårekne arbeid innan andre tjenesteområde, avhengig av behov i driftseininga.

Dei ledige stillingane fordeler seg for tida slik:

  • To faste stillingar ved Indre Sunnmøre politistasjonsdistrikt – oppmøtestad Volda og Ørsta politistasjon
  • Ei fast stilling ved Søre Sunnmøre politistasjonsdistrikt – oppmøtestad Herøy og Sande politistasjon
  • Eit vikariat i perioden frå august til og med 24. april 2025 ved Ulstein og Hareid politistasjonsdistrikt – oppmøtestad Ulstein og Hareid politistasjon

Det kan bli ledig fleire faste stillingar og/eller vikariat.

Ved søknad på stillinga ber vi deg om å oppgi kva oppmøtestad(ar) du søkjer deg til.

Arbeidsoppgåver

  • Etterforskingsoppgåver
  • Kriminalitetsførebyggjande arbeid
  • Krimvakt/publikumsmottak
  • Noko straksetterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
  • Samarbeid i grupper ved etterforsking av større saker
  • Det kan bli aktuelt med noko arbeid/støtteliste ved vakt og beredskap og krimvakt/etterforsking i helg
  • Bidra med rettleiing og ved opplæring/kompetansehevande tiltak ved eininga
  • Andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga

Kvalifikasjonar

Nødvendig

  • Fullført og bestått politi(høg)skule ved tiltreding. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema+phs
  • Operativ godkjenning i minimum kategori 4 eller vere kvalifisert og villig til å bli IP-godkjent
  • God munnleg og skriftleg formidlings- og kommunikasjonsevne
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Ønskjeleg

  • Relevant erfaring frå politi- og lensmannsetaten
  • Erfaring frå etterforsking
  • Relevant etter-/vidareutdanning frå politi(høg)skulen innan etterforsking, til dømes digital kriminalitet eller andre område
  • Gode resultat frå utdanning ved politi(høg)skulen
  • Anna relevant utdanning

Personlege eigenskapar

  • Motivasjon og interesse for etterforskingsfaget
  • Gode samarbeidsevner
  • Kan arbeide sjølvstendig med god gjennomføringsevne
  • Strukturert og ansvarsbevisst

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet i framtida
  • Fast stilling som politibetjent 3/2/1  (stillingskode 1461/1459/1457) Tilsetjing er avhengig av kompetanse,jf. kompetansekriteriene for politibetjenter
  • Politibetjent 3 – brutto årslønn frå kr. 575 400 – kr. 635 400
  • Politibetjent 2 – brutto årslønn frå kr. 509 300 – kr. 565 900
  • Politibetjent 1 – brutto årslønn frå kr. 487 700 – kr. 532 200
  • Endeleg plassering av løn er avhengig av erfaring, kvalifikasjoner og ansiennitet
  • Godtgjering etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnustjeneste
  • Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte når du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsettgoda dine på www.spk.no/medlemskap-i-spk
  • Møre og Romsdal politidistrikt er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetjing skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.

Kontaktinformasjon

Janne Elisabet Garnes Nilsen, Politistasjonssjef Søre Sunnmøre politistasjonsdistrikt, 924 00 577
Hilde Sæter, Politistasjonssjef Ulstein og Hareid politistasjonsdistrikt, 922 61 533
Oddbjørn Myklebust, Politistasjonssjef Indre Sunnmøre politistasjonsdistrikt, 920 80 809

Arbeidsstad

Rådhusgata 7
6090 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt

Referansenr.: 4804958517
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling, Vikar
Søknadsfrist: 20.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver SUNNMØRE, Møre og Romsdal politidistrikt orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 265 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 630 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det. 

Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.

Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.

Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.

Webside www.politiet.no/jobb
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted FOSNAVÅG (Adresse: Rådhusgata 7 Postnr: 6090)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 4
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/65484dcf-8dfd-4269-adc2-545d0fbbf6f2
IMPORTAPI