Stillingsbeskrivelse

Published 07-05-2024
Deadline: 29-05-2024

 

Fagkonsulent

Spesialisert habilitering Nordmøre og Romsdal søkjer etter vernepleiar, evt. andre med helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning og relevant vidareutdanning.
Seksjonen har 21 tilsette, med mange erfarne vernepleiarar, fysio- og ergoterapeutar, barnevernspedagog, spesialpedagog, sosionom, psykologar, lege og helsesekretær. Til saman utgjer vi eit interessant, engasjert og robust tverrfagleg miljø.

Hos oss får du arbeide med komplekse problemstillingar der spisskompetanse frå fleire ulike fagfelt er naudsynt. Typiske pasientgrupper er personar med utviklingshemming, autismespekterforstyrringar, multifunksjonshemming, kroniske sjukdomar, tidlig erverva hjerneskader, genetiske syndrom og nevrodegenerative tilstandar. 

Seksjonen arbeidar kontinuerleg med kompetanseheving og kvalitetsutvikling, og er opptatt av å sikre spesialisering og fagleg fordjupning for kvar enkelt medarbeidar. 

Vi har lokala våre på Årø i Molde og i oktober flyttar vi inn til nye lokaler, SNR på Hjelset. Vi gir både eit poliklinisk og ambulant tilbod og du får mogelegheit til å bli kjend med mange flotte stader og personar i Nordmøre og Romsdal.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing/ kartlegging
  • Iverksetting og oppfølging av ulike tiltak knytta til behandling og tilrettelegging
  • Pasient- og pårørandeopplæring
  • Rettleiing, rådgjeving og undervisningsoppgåver
  • Deltaking i fagleg utviklings- og kvalitetsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Bachelorgrad innan helse- og sosialfag
  • Relevant vidareutdanning. Andre kan og søke, men må forplikte seg til å ta vidareutdanning
  • Erfaring med målgruppa generelt, både med kartlegging og tiltaksplanlegging
  • Erfaring frå undervisning- og opplæringsverksemd
  • Kunnskap om og erfaring frå oppfølging av Helse- og omsorgstenestelova kap. 9, om tvang og makt
  • Må meistre norsk språk, skriftleg og munnleg
  • Må ha førerkort klasse B  

Personlege eigenskapar

  • Kunnskapssøkande og sjølvstendig
  • Evner å tilpasse og formidle kompleks informasjon til pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar
  • Har ein strukturert arbeidsform
  • God evne til samarbeid på tvers av profesjonar

Vi tilbyr

  • Eit bredt og spanande fagfelt i utvikling
  • Dyktige kollegaer i eit reflekterande miljø
  • Gode mogelegheiter for eigen fagleg utvikling og fordjupning
  • Deltaking i relevante regionale og nasjonale fagnettverk
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og
vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i
Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv
med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit
framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.

Kontaktinformasjon

Hilde Husby, Seksjonsleiar, +47 415 54 505, Hilde.Husby@helse-mr.no

Arbeidsstad

Eikremsvingen 2 D
6422 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4803266191
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Spesialisert habilitering Nordmøre og Romsdal, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted MOLDE (Adresse: Eikremsvingen 2 D Postnr: 6422)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 29-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/65e7aff9-d390-460f-ab0b-dddbbca48d5d
IMPORTAPI