Stillingsbeskrivelse

Published 11-04-2024
Deadline: 05-05-2024

 

Fagleiar, fast 100% stilling

FAGLEIAR SOMMERROTUNET AKTIVITETSHUS

Vi er på utkikk etter ein engasjert og motivert fagleiar i fast 100% stilling til Sommerrotunet Aktivitetshus.

 Ved Sommarrotunet gir vi tilbod om aktivitet og arbeid til personar med ulike hjelpebehov.

Det å ha eit arbeid eller ein dagaktivitet er viktig for livskvalitet, personleg utvikling og psykisk helse. Å kunne gle seg over å dra på jobben, delta i eit arbeidsfellesskap, kjenne på meistring over å produsere noko for så å kome heim og har fri, er verdifullt og gir meining for alle.

Stillinga er delt, med ca femti prosent direkte brukaroppfølging og femti prosent er drift og utvikling av dagtilbodet og aktivitetshuset. Stillinga inneber per i dag dagarbeidstid måndag til fredag frå kl. 07.30 – 15.00.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Fagleiar har medansvar for drift og utvikling av Sommerrotunet Aktivitetshus og dagtilbodet vi driftar der, med fokus på meistring, fysisk aktivitet og livsglede
  • Delta i fordeling av arbeidsoppgåver der ein tek i bruk personalet sine kvalifikasjonar og eigenskapar
  • Kvalitetssikre saker og følge opp det faglege arbeidet, sikre systematisk oppfølging i tråd med gjeldande lovverk, politiske vedtak og nasjonale føringar
  • Bidra aktivt til eit trygt og positivt arbeidsmiljø og kollegafellesskap
  • Veilede personalet
  • Sørge for effektiv ressursbruk saman med avdelingsleiar, gjennom å sjå på og vere nydsgjerring på organisasjonsutvikling og alternative driftsmåtar

Dette er arbeidsoppgåver som f.t ligg til stillinga. I tillegg kan ein få oppgåver frå næraste overordna.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant helsefagleg utdanning og/eller relevant arbeidserfaring
  • Erfaring med og kunnskap om ulike dataverktøy
  • God kunnskap om arbeidsfeltet
  • God muntleg og skriftleg framstillingsevne
  • Kunnskap om og interesse for miljøretta arbeid
  • Førarkort kl.B, førarkort kl.D (minibuss) er eit ønske, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar og fortrinn som vi legg vekt på:

  • Dyktig på kommunikasjon og er ein sterk relasjonsbyggar
  • Kan inspirere og motivere kollegaene dine
  • Har evne og vilje til å ta faglege avgjerder
  • Du har rolleforståing og samarbeidsevner
  • Er tydeleg og med evne til gjennomføring
  • Arbeider strukturert og planmessig og har evne til analytisk tenking
  • Er interessert i fagleg og etisk refleksjon
  • Du trives med ulike arbeidsoppgåver og varierande tempo

Vi tilbyr:

  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Vi har ei engasjert og fagleg dyktig personalgruppe
  • Påverknad på eigen arbeidskvardag i planlegg og utføringa av arbeidsoppgåvene
  • Kommunale tilsettingsvilkår og lønn med utgangspunkt i tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen

Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart i stillinga.

Kvalifiserte søkarar blir kalla inn til samtale.

 

 

 

 

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Surnadal kommune Bu- og aktivitetstenesta orgnr:
Kort om arbeidsgiver Bu- og aktivitetstenesta gir tilbod om helsehjelp, praktisk bistand og opplæring til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov. Vi gjev også tilbod om avlasting i avlastingsbustad for familiar som har særleg tyngande omsorgsoppgåver. Vi har ulike formar for aktivitetstilbod og arbeid til brukergruppa ved Sommerrotunet aktivitetshus. Mange som mottek tenester fra oss har behov for tilsyn og bistand hele døgnet. Boligane er litt spredd i sentrum og vi har også tenester i boligar som ikkje er tilknytt fellesbustadane. Når det kjem til fellesbustadane så bur nokre i leilegheiter de eig sjølv, medan andre leier kommunale bolig i borettslaget.
Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Økonomi, statistikk og regnskap
Sted SURNADAL (Adresse: Bårdshaugvegen 1 Postnr: 6650)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c58a7a8f-35f3-4812-8b85-ad45ec33e764
IMPORTAPI