Stillingsbeskrivelse

Published 08-04-2024
Deadline: 05-05-2024

 

Fagleiar i Bremanger kommune, for tida i tenesta for menneske med nedsett funksjonsevne i Open omsorg indre

Vi har ledig ei 100% stilling som fagleiar i Bremanger kommune, for tida i tenesta for menneske med nedsette funksjonsevne i Open omsorg indre. Stillinga er ledig frå snarast eller frå 01.07.24.

Bremanger kommune søkjer ein engasjert og kompetent fagleiar til å leie og utvikle vår teneste  i Open omsorg indre. Du vil få ei sentral rolle i å sikre god omsorg og livskvalitet for våre brukarar.

Arbeidsoppgåver

  • Nært samarbeid med driftssjef i OOI og andre fagleiarar i Helse og Omsorg
  • Leie og koordinere tenesta for menneske med nedsette funksjonsevne, inkludert heimetenestene og tilrettelegging av aktivitetar
  • Moglegheit til å vere med i utviklingsarbeid
  • Kartlegging av tenestebehov for den einskilde brukar
  • Planleggje og følgje opp individuelle omsorgsplanar i samarbeid med brukarar, verge og pårørande
  • Sikre at tenesta levere kvalitetsomsorg i tråd med gjeldande lover og foreskrifter
  • Vere med å videreutvikle tenestene gjennom rettleiing og undervisning
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Rekruttere, lære opp og følgje opp nytilsette
  • Dagleg drift

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan helse- og sosialfag, gjerne med leiingserfaring. Minimum bachelorgrad
  • Erfaring frå arbeid med menneske med nedsette funksjonsevne og/eller med psykiske lidingar, eit ønske men ikkje eit krav
  • Evne til å leie og inspirere medarbeidarar
  • Du har gjerne erfaring frå administrasjon og arbeidstidsplanlegging
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kunnskap om relevant lovgjeving og regelverk

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som er motivert, fagleg engasjert, sjølvstendig og interessert medarbeidar. For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre brukarar. Du må ha gode kommunikasjonsferdigheiter og vere ein lagspelar. I tillegg håpar vi du er løysningsorientert og ynskjer å vere med å videreutvikle tenestene våre. Serviceinnstilling, erfaring og personleg eignaheit vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Rekrutteringstiltak med høgare tariffløn opp til 10 års ansiennitet
  • God pensjonsordning og heildøgns forsikring
  • Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område som kommunen har behov for
  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljøilag med gode kollegear!

Kontaktinformasjon

Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310

Arbeidsstad

Svelgen Panorama 1
6723 Svelgen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 4795180952
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Open omsorg indre, Bremanger kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no

 

Webside http://bremanger.kommune.no
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Økonomi, statistikk og regnskap
Sted SVELGEN (Adresse: Svelgen Panorama 1 Postnr: 6723)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/39998315-440d-4d42-b9b2-5a2aea337b0a
IMPORTAPI