Stillingsbeskrivelse

Published 25-04-2024
Deadline: 12-05-2024

 

Fartsfyld sommarjobb som koordinator eller aktivitetsvert for Vinje sommarskule

Har du lyst på ein fartsfylt sommarjobb som koordinator eller aktivitetsvert for Vinje sommarskule 2024?

Ledige stillingar som koordinator eller aktivitetsvert i Vinje sommarskule 2024

Saksnr. 2024/1457

Har du lyst til å vere med på å skape tidenes beste sommar i Vinje? Vinje kommune skal arrangere eit sommartilbod med gode og morosame aktivitetar for grunnskulebarn i heimkommunen. Her blir det ikkje klasserom eller ringeklokke. Me skal skape opplevingar og minne for livet!

Oppfyller du kriteria under, er det berre å søkje! Om du får oppdraget som koordinator, vil du bli ein av personane som skal drifte Vinje sommarskule frå planlegging til gjennomføring og evaluering. Saman med teamarbeidarane skal du skape alt av det gode innhaldet og ha totaloversikt. Du vil få ta del i samarbeid med aktuelle personar i oppvekstsektoren og administrasjonen i Vinje kommune.

Koordinatorane er leiarane for aktivitetsvertane som skal planlegge og gjennomføre aktivitetar i 4-5 veker i Vinje sommarskule i tidsrommet veke 26 til veke 33. Tilbodet vil gjelde 5.-7. klasse og 8. – 10. klasse. Som koordinator vil du få eit budsjett, og du blir tildelt eit visst timetal du må fordele gjennom heile prosjektperioden. Dette utgjer om lag 8 veker jobb, med oppstart etter avtale og i god tid før gjennomføring. Aktivitetsvertane får tildelt ein arbeidsplan med vakter i vekene 26-33. Koordinatorar og aktivitetsvertar får løn etter avtale. Krav om politiattest.

Passar du som aktivitetsvert?

· Har du fylt 18 år?

· Likar du å jobbe med barn/ungdom?

· Likar du å samarbeide?

Kan du svare ja på spørsmåla over kan du søke på stilling som aktivitetsvert ved Vinje sommarskule.

Har du peiling på dataspel, filmskaping, musikkproduksjon, rullebrett, sykling eller andre aktivitetar som er morosamt på sommaren? Har du fordjuping i fag som til dømes naturfag, friluftsliv, idrett og liknande, så er det eit pluss.

Passar du som koordinator?

· Er du flink til å organisere?

· Skaper du godt samarbeidsklima rundt deg?

· Er du målretta og løysingsorientert?

· Tek du utfordringar på strak arm?

Kan du svare ja på desse spørsmåla i tillegg til dei over, kan du søkje på stilling som koordinator ved Vinje sommarskule.

For meir informasjon kontakt verksemdsleiar kultur og fritid Kristian W. Rantala, 949 83 823

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Elektronisk søknadsskjema finn du her: www.vinje.kommune.no

Søknadsfrist: 12.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vinje kommune orgnr: 988080586
Kort om arbeidsgiver

Vinje kommune er ei kultur- og friluftlivsbygd med over 3800 innbyggjarar. Her i Vinje finn du gode naturopplevingar, frisk luft, lange ski- og turløyper, opplevingar av ro, levande kulturlandskap, og ikkje minst raskt internett. I Vinje kommune er me opptekne av å levere gode tenester til alle innbyggjarane våre, og vi legg til rette for tilflytting og verdiskaping.

Velkomen til Vinje, naturlegvis!

vinjenaturlegvis.no

Webside https://www.vinje.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Helse
Sted VINJE (Adresse: Vinjevegen 192 Postnr: 3890)
Stillingstype Feriejobb Heltid Antall stillinger: 5
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 12-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a61c0c78-33cf-47b4-abd1-97fc2dfd93b3
Stillingsregistrering