Ferievikarar Haram omsorgstenester – Haram kommune

Health and social care Helse

(3 måneder siden)

  • BRATTVÅG
  •  Lagt til dato: 25. januar 2024
  •  Expire date: 31. mai 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 25-01-2024
Deadline: 31-05-2024

 

Ferievikarar Haram omsorgstenester

Har du lyst på ein spennande og meiningsfylt feriejobb?
Vi treng fleire dyktige og motiverte medarbeidarar, og kanskje du er ein av desse?
I juni, juli og august treng vi ferievikarar ved Haram Omsorgssenter, Eidet Omsorgssenter, Eidet dagsenter, Brattvåg dagsenter og heimetenestedistrikta Nordøyane, Indre Haram og Ytre Haram.

Vi søkjer etter personar med helsefagleg kompetanse og pleiemedhjelparar utan relevant utdanning. Har du inga erfaring frå slikt arbeid, så kan vi gje deg god opplæring! Har søker spesifikke ønsker er det flott om ein skriv om ein primært ønsker å arbeide på omsorgssenter eller i heimetenestene.

Det er fortløpande tilsetting.  

Arbeidsoppgåver

  • Spennande og meiningsfylt arbeid innan våre verksemder for sjukeheim, heimeteneste og dagsenter
  • Varierte oppgåver i ein innhaldsrik arbeidskvardag i eit direkte møte med menneske
  • Vi treng også heimehjelper til å utføre vask og praktisk bistand hos heimebuande brukarar

Kvalifikasjonar

  • For stillingar i heimeteneste er det krav om førarkort klasse B
  • Det er krav om å kunne arbeide minimum 4-6 veker samanhengande i perioda veke 26-33
  • Personar som kan arbeide 6-8 veker vil bli prioritert

Personlege eigenskapar

  • Du må vere omsorgsfull, ha gode samarbeidsevner og kunne bygge gode relasjoner til våre brukere
  • Du må vere lærevilleg og kunne ta til deg kunnskap som blir gitt under opplæring
  • Du må vere presis, ansvarsfull og ha god arbeidskapasitet 

Vi tilbyr

  • Løn etter tariff
  • God opplæring
  • Studentar med helse- og sosialfagleg utdanning som har avslutta 4. semester blir tilsett som assistent men løna som fagarbeidar.
  • Ferdig utdanna sjukepleiarar og vernepleiarar kan få ein bonus på kr 10 000,-. Kriteria er at ein etter avtale med leiar må arbeide til saman 6 veker sommarvikar i 100 % stilling i perioden veke 25 – 34 i 2023. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Bonusordninga gjeld for reelt utført arbeid, i praksis betyr dette at bonusen vert avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller anna fråvær. Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.

Kontaktinformasjon

Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, +4746866467, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4751503234
Søknadsfrist: 31.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Haram kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund

Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre.
Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid.
Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Webside http://www.haram.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Helse
Sted BRATTVÅG (Adresse: Postnr: 6270)
Stillingstype Sesong Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/9ac09b4f-f908-4d86-be1a-fec185970b3e
IMPORTAPI