Stillingsbeskrivelse

Published 16-04-2024
Deadline: 01-05-2024

 

Førstekonsulent innen kontrollinje pass og ID-kort

Ønskjer du å vere ein del av eit dedikert team og bidra til tryggleiken i samfunnet? Vestnes og Rauma politistasjon søkjer no ein engasjert og pliktoppfyllande saksbehandlar for pass/ID-kontroll til den nystarta passkiosken vår.

Som behandlar for pass/ID ved Vestnes og Rauma politistasjon vil du ha ei sentral rolle i mottaket av søknader om pass/ID-kort. Dette inkluderer å rettleie og assistere søkjarar gjennom søknadsprosessen, og dessutan sikre at all nødvendig dokumentasjon er på plass. I tillegg vil du vere ein del av beteninga av svartelefonen til politidistriktet for pass og ID-kort. Dette inneber å svare på spørsmål frå publikum og gi nødvendig informasjon om pass- og ID-relaterte spørsmål.

I periodar med høgt søknadspress eller i samband med ferieavvikling kan det vere behov for å støtte opp om arbeidet ved Molde politistasjon. Dette vil medføre enkelte arbeidsdagar på dette kontoret.

Vestnes og Rauma politistasjonsdistrikt er ein del av geografisk driftseining Nordmøre og Romsdal innanfor politidistriktet. Den ligg strategisk plassert for å betene og vareta tryggleiken til innbyggjarane i Vestnes og Rauma kommune og områda rundt. Driftseininga Nordmøre og Romsdal omfattar områda Kristiansund, Smøla, Aure, Surnadal, Indre Nordmøre, Vestnes, Rauma, Molde og Hustadvika politistasjonsdistrikt.

Søk no, og bli ein del av det dedikerte teamet vårt!

Arbeidsoppgåver

  • Mottak av og registrering av søknad om pass/nasjonalt ID-kort
  • Dokumentkontroll
  • ID-kontroll (vurdere framlagde dokument opp mot søkjars identitet)
  • Registrere tapsmeldingar, klarleggje forhold knytt til tapet
  • Oversende underlag/dokument til vedtakslinje
  • Veilede publikum anten ved oppmøte eller telefon
  • Saksbehandling sivil rettspleie
  • Betjene svartelefon første kontakt for sivile gjeremål
  • Forvaltningsgjøremål og publikumsbehandling

Kvalifikasjonar

Nødvendig

  • Relevant treårig høgskule/universitet eller tilsvarsande utdanning (bachelor) 
  • Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Gode norsk og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Gode IT-kunnskapar

Ønska

  • Kjennskap til forvaltningsrett
  • Erfaring frå offentleg forvaltning og saksbehandling
  • Erfaring frå publikums-/ kundebehandling

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga. 

Personlige egenskaper

  • God munnleg framstillingsevne
  • Serviceinnstilt
  • Gode samarbeidseigenskapar
  • Kunne arbeide sjølvstendig
  • Gjenomføringskraft
  • Initiativrik og løysningsorientert

Personlige eigenskapar vil bli tillagd stor vekt

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politien i framtida
  • Stillinga som førstekonsulent (stillingskode 1408), løn frå kr 495 200,- til 557.100,- brutto per år
  • Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte når du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsettgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk
  • Møre og Romsdal politidistrikt  er knytt til bedriftshelseteneste
  • Fleksibel arbeidstid
  • Mogelegheit for trening i arbeidstida

Kontaktinformasjon

Roar Mordal Hilde, Stasjonssjef, 91105050

Arbeidssted

Sjøgata 34
6390 Vestnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Møre og Romsdal politidistrikt

Referansenr.: 4796369152
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Startdato: 02.09.2024
Søknadsfrist: 01.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver NORDMØRE OG ROMSDAL-Vestnes og Rauma politistasjonsdistrikt, Møre og Romsdal politidistrikt orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 265 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 630 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det. 

Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.

Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.

Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.

Webside www.politiet.no/jobb
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Økonomi, statistikk og regnskap
Sted VESTNES (Adresse: Sjøgata 34 Postnr: 6390)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse 02-09-2024
Søknadsfrist 01-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f522ec2b-4125-485c-acca-908d8b927850
IMPORTAPI