Stillingsbeskrivelse

Published 01-05-2024
Deadline: 24-05-2024

 

Gardstunet barnehage

Stillingstype

Det vert ledig 80% stilling som ekstraressurs ved Gardstunet barnehage for barnehageåret 2024/2025.

 Arbeidsoppgåver

Arbeid i barnehage som barne- og ungdomsarbeidar inneheld oppgåver som:

–  medansvar for avdeling og det pedagogiske innhaldet i samarbeid med det øvrige personalet
–  medansvar for planlegging, gjennomføring og tilrettelegging av det pedagogiske innhaldet 
–  medansvar for utviklingsarbeid
–  foreldresamarbeid
–  vere ein aktiv del av barnehagen sitt personale
–  vise omsorg og vere til stades for enkeltbarn og barnegruppa- praktisk arbeid og tilrettelegging

Kvalifikasjonar

– Vi søker etter deg som er barne- og undomsarbeidar eller har anna relevant utdanning. Dersom vi ikkje får nok kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte verte tilsett.
– må beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
– må ha gode kommunikasjonsevne

Personlege eigenskapar

–  er aktiv og engasjert
–  har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø i stadig utvikling
–  har evne til å vise omsorg, sjå og anerkjenne barn
–  er eit godt språkleg førebilde
–  er fleksibel
–  er stabil og ansvarsbevisst
–  har evne til å ta imot rettleiing, rådgjeving og opplæring
–  har evne til å samarbeide, arbeide i team, men og sjølvstendig

Vi tilbyr
–  godt arbeidsmiljø og gode kollegaer – løn i høve gjeldande avtaleverk
–  løn i høve gjeldande avtaleverk
–  kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
–  pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.

Referansar
Oppgi referansar.

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vestnes kommune Gardstunet barnehage orgnr:
Kort om arbeidsgiver Gardtunet barnehage ligg idyllisk til på ein gard nær skog og fjøre på Vik i Tomrefjord. Barnehagen har 42 plassar fordelt på 2 avdelingar. Vi har eit godt fagleg miljø, vi har barnehagelærar i alle stillingar som krev det og fagarbeidarar i dei fleste andre stillingane. Vi har eit godt arbeidsmiljø.

Gardstunet barnehage er som namnet seier, ein gardsbarnehage. Vi har ein minifjøs med høner og kaninar. Barna deltek i stell og mating av dyra. I barnehagen er det mange frukt- og bærtre, drivhus og eigen grønnsakshage. Barna lærer om og deltek i dyrking, og når det er tid for innhausting vert det laga mykje godt av det dei har dyrka fram. I vikfjøra nedom barnehagen har dei ein flott utebase med gapahuk og ei naturleikeplass i skogen. Barnehagen er mykje ute, er ofte ute på tur og det er flotte turmoglegheiter. Barnehagen nyttar seg av idrettshallen og symjehallen.

Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted TOMREFJORD (Adresse: Nedre Vikvegen 19 Postnr: 6393)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 24-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6b92b28d-b0ee-4a30-938e-66be4bb4cb4a
IMPORTAPI