Stillingsbeskrivelse

Published 06-02-2024
Deadline: 30-06-2024

 

Har du lyst til å jobbe innan oppvekstsektoren? Vi treng fleire engasjerte kollegaer både i skular og barnehagar

Vi søkjer etter tilkallingsvikarar i kommunen sine barnehagar, skular og SFO og som kan arbeide i korte eller lengre periodar gjennom heile året. Det kan vere både som assistent og som lærarvikar.
Aktuelle kandidatar vert kontakta og evt. kalla inn til intervju.

Skriv i søknad kva skule/barnehage som er aktuelle og kva arbeidsoppgåver du kan tenkje deg.

 

Kvalifikasjonar/personlege eigenskapar:

  • Du liker å jobbe med mennesker og kan omgåast både born og vaksne
  • Du har stå-på-vilje, positive haldningar og godt humør
  • Du er initiativrik og ikkje redd for å spørje om hjelp eller å by på deg sjølv
  • Du er ansvarsfull og innbyr til tillit
  • Du tek imot rettleiing og råd med ei positiv innstilling
  • Du syner respekt og er audmjuk både overfor born, personale og foreldre/foresatte.
  • Du snakkar, les og skriv godt norsk
  • Du må ha arbeids- og opphaldsløyve og personnummer

 Vi tilbyr:

  • Meningsfull jobb og erfaring som er viktig for framtidige arbeidsgjevarar.
  • Løn etter gjeldande tariff.

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.  Pensjonsmedlemsskap i KLP/SPK.  Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjng.

 

Vi ber om at søkjar opplyser om kva arbeidsområde som er mest aktuelt.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Askvoll kommune Nipa barnehage orgnr: 875300512
Kort om arbeidsgiver Nipa barnehage ligg i Sauesundet på Atløy og har barn i alderen 1 til 6 år. Vi er opptekne av friluftsliv, og pedagogikken vår er bygd med fokus på kropp, rørsle og helse. Barnehagen samarbeider med og er samlokalisert med Atløy skule. Inkluderande barnehage- og skulemiljø er felles satsingsområde for alle barnehagane i kommunen.
Webside
Bransje Transport og lager
Yrke Logistikk, lagerarbeid og innkjøp
Sted ATLØY (Adresse: Sauesundet 102 Postnr: 6985)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 10
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-06-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4d547ff0-7ed8-4f34-b0cd-f82d417f7f95
IMPORTAPI